On Thu, 2008-05-08 at 16:49 +0200, Karl Ove Hufthammer wrote:
Kjetil Torgrim Homme:
uff, "utløysar" synest eg ikkje noko om. i denne konkrete samanhengen ville eg kalle det "sluttoppgåver".
Eg òg. Eller «etterbehandling», «etterinstallering» eller noko i den duren. «Utløysar»/«trigger» er eit veldig dårlig ord for å skildra skript som vert kjørte automatisk etter installeringa.
Men so vidt eg kan sjå, er det *ikkje* dette det faktisk er snakk om. «Triggers» har ei mykje vidare tyding i RPM-samanheng: [...]
Den beste omsettinga synest altso å vera «utløysarar» og «utløysarskript» likevel.
eller her: "utløyste oppgåver/skript".
Men for rein etterinstallering, som i «RPMTAG_POSTIN», bør me imidlertid kalla «etterinstalling» på norsk.
ja, men det vert heller ikkje kalla "trigger script" på engelsk, sidan postinstallasjonen er ein del av definisjonen til sjølve pakken brukaren opererer på.