må. den 20. 05. 2013 klokka 23.19 (+0200) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
Installerte først Python for Windows. Fann ingen køyrbare utgåver av Pology for Python uansett system. Installerte difor via Cygwin frå pology-0.11.tar.bz2. Følgde rettleiinga i README:
cd pology-kjelde mkdir build && cd build cmake .. make && make installAlt fint så langt. Fekk som venta ei mappe med namnet pology/build der eg reknar med at alt eg treng ligg. Men så stoppa det for meg.
Det er ikkje nødvendig å installera Pology; du kan køyra det direkte frå der det ligg (Cygwin var altså unødvendig). Du køyrer sjekkeskriptet vårt slik:
python /adresse/til/pology/binposieve --skip-obsolete check-rules -slang:nn omsettingsfil-eller-mappe
Viss ikkje «python» ligg i søkjestigen, oppgje sjølvsagt fullstendig adresse til fila.
Det er forresten truleg ein fordel å køyra skriptet gjennom Cygwin (og då via Cygwin sin Python-versjon) i staden for gjennom eit Windows terminalvindauge, når eg tenker meg om. Du får då fargar i sjekkrapporten.