Fekk eitt (ptivat) svar frå Yury Tarasievich, ein av forfattarane:
"The explanation is formally correct. Although its wording _could_ be better.
I'd try: Inserts a special kind of space in the word, which disallows splitting the word at the end of a line. The space itself is not displayed. Available..., etc."
(Nåverande forklaring:
"Inserts an invisible space within a word that will keep the word together at the end of a line. Available when complex text layout (CTL) is enabled.")
Helsing Kolbjørn
Den 16.05.2021 20:27, skreiv Kolbjørn Stuestøl:
Har endra "Word Joiner" til «Ordbindar» i LibreOffice Master og 7.1.
(Sjå meir nedanfor)
Den 13.05.2021 18:41, skreiv Kolbjørn Stuestøl:
Den 13.05.2021 14:07, skreiv Kjetil Torgrim Homme:
On Thu, 2021-05-13 at 08:42 +0200, Karl Ove Hufthammer wrote:
Jo. På https://help.libreoffice.org/7.2/nn/text/shared/01/formatting_mark.html
står det:
Word Joiner Set inn eit usynleg mellomrom i eit ord. Dette mellomrommet gjer at heile ordet vert halde saman utan å verta delt på slutten av ei linje.Dette er berre tilgjengeleg når kompleks tekstutforming (CTL) er slått på.
Det er eigentleg ei ganske misvisande forklaring. Det set jo ikkje inn eit mellomrom i det heile teke. Heile poenget er jo at teiknet ikkje tek opp plass.
Er i kveld endra til
«Set inn eit usynleg /teikn/ i eit ord. Dette /teiknet/ gjer at heile ordet vert halde saman utan å verta delt på slutten av ei linje.Dette er berre tilgjengeleg når kompleks tekstutforming (CTL) er slått på.»
Melding også sendt til dei som skriv handboka på engelsk.
Helsing Kolbjørn
Veldig einig. Burde brukt "merke" eller liknande ord i staden for "mellomrom" i forklaringa.
Amen. Dette skal eg fikse. Kan hende eg sender ei melding til dei som skriv handboka også om dette,
Er nok omsett direkte frå engelsk utan å kontrollere kva teiknet eigentleg gjer eller korleis det oppfører seg. Reknar med at eg kjem til å bruke «teikn» i staden for «mellomrom/merke». Det er jo ein bokstav/eit teikn som ikkje kan skrivast ut synleg.
Helsing Kolbjørn
E-postlista l10n-no http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org
E-postlista l10n-no http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org