Ole Andreas Utstumo skreiv:
Eg ser at det er ein del spørsmål om kva omsetting engelske, programtekniske ord får på norsk, til døme "sink" som sist var oppe. Har nokon laga ei liste for alle desse orda de har vorte samde i gjennom desse diskusjonane, forutan fellesordlista for dataord?
Fellesordlista er *meint* å vera ei slik liste ...
Ei database med omsettingane mellom nynorsk, bokmål og engelsk
Me legg omsettingane av ei rekkje store og små program (som KDE, OpenOffice.org og distroen Mandriva) i SVN nettopp av denne grunnen, slik at ein lett kan finna og bruka gamle omsettingar (gjerne med omsettingsminne-funksjonen i favorittomsettingsprogrammet sitt).
kunne ha hjelpt dei som ikkje har følgd med i epostlistene
Alle meldingane på e-postlistene er søkbare på blant anna http://news.gmane.org/
- meg blant anna. Det skulle ha vore mogleg å snikre saman eit slikt søk
i mySQL og PHP, om ikkje det finst frå før?
Det finst frå før: http://open-tran.eu/