Karl Ove Hufthammer skreiv:
Måndag 19. januar 2009 skreiv Kolbjørn Stuestøl:
Ny nedlasting. Nå verkar poEdit fint, utanom når eg arbeider med hjelp for GIMP, som er problematisk også på andre måtar.
Kva er problema med hjelp for GIMP?
Eigentleg ikkje så mykje Poedit sin feil --- trur eg. Når eg lagrar ei po-fil og skal laste inn neste, krasjar Poedit svært ofte. («poedit.exe har et problem og må lukkes. Vi beklager det inntrufne»). Bruker Windows XP Home). Dette gjeld bare når eg er i po-filene for gimp-help-2. Reknar difor med at det er her feilen er og ikkje i Poedit. Har prøvd å vere litt systematisk, men har ikkje funne feilen førebels. Har mistanke til «pluralisformene», men må undersøke nærare. «Problemet er oftast ikkje å rette feilen, men å finne han». Poedit er elles eit framifrå program, særleg autoomsetjinga. Det er raskt og enkelt. Synd det ikkje har stavekontroll for norsk (i Windowsutgåva). (Har hatt problem med Internett (igjen). Difor litt sein). Helsing Kolbjørn