Fredag 8. august 2008 skreiv Erik Haugan:
Lista over ord som har blanda bøying i nynorsk.org-normalen følgjer. Sidan intensjonen er at nynorsk.org skal følgje læreboknormalen, vurderer eg å leggje desse i dvale ved å bruke -er i presens inntil vidare. Mange av desse orda er lite frekvente, ikkje minst i dataprogram. Desse er vel dei mest aktuelle: bruke, klare (forklare), leike, like, skape, spare, spele, tale (betale), tape, tvile. Under følgjer den komplette lista, utan samansette ord:
Takk for lista. Det ser ut til at me (nynorskomsettarane av KDE) kan leva med konsekvent «-ar»-ending for dei verba der dette er valfritt, med unntak av «å klara». I tillegg skriv me «brukt(e)» i omsettingane, men dette vert automatisk retta til «bruka» ved innsending til KDE. Eg har oppdatert retningslinjene på http://i18n.skolelinux.no/retningslinjer.html med informasjon om alt dette.