Petter Reinholdtsen:
[Karl Ove Hufthammer]
Det er det heller ingen vektige grunnar til at det skal gjerast. Når feilen er retta, er han retta.
Jo, det er flere vektige årsaker til at innspill til fri programvareprosjekter skal være tilgjengelig for alle for all framtid. Etterprøvbarhet og gjennomsiktighet er to egenskaper som gjør at fri programvareprosjekter er forholdsvis enkle å bli med i og greie å forholde seg til. Endringer skjer i hovedsak basert på informasjon som er tilgjengelig for alle prosjektdeltagere, også framtidige, og det skaper trygghet i prosjektene.
Lukkede og skjulte fora for informasjonsutveksling skaper misnøye og gir grobunn for mistenkeliggjøring. Slikt kan ta livet av et dugnadsprosjekt.
Eg prøver å forstå kva du meiner, men synest det er fryktelig vanskelig. Du kan då ikkje alvorlig talt meina at tips om feilstavingar i programvare kan ta livet av dugnadsprosjektet vårt med omsetting, med mindre namn og e-postadresser til tipsaren, samt den bokstavlig teksten dei sendte vert offentliggjort?
Og som tipsar ville eg verkelig unngått å komma med slike tips om eg visste at dette ville medført alt dette styret, berre for at eg ville melda frå om ein stavefeil.
Eg har fleire (dog ikkje mange) gongar fått tips om feil i omsettingane, gjennom tale, e-post og IRC, som eg seinare har retta. Eg har ingen planar om å publisera namna og e-postadressene til desse personane, og eg ser ikkje at dette på nokon som helst måte kan skapa «trygghet i prosjektene» for dei andre, og framtidige, deltakarane.