Hei!
Har nokon forslag til kva me kan kalla «force feedback» (i vid forstand) i spelsamanheng på norsk? Det er snakk om vibrering og følt motstand i den fysiske eininga ein brukar til å styra spelet. I eit bilspel kjenner ein for eksempel kraftig vibrering i rattet (eller styrespaken eller spelkontrollaren) når ein krasjar, ulik vibrering på ulike vegdekke eller motstand i rattet i krappe svingar.
Ser ut til at folk flest berre brukar «force feedback» på norsk òg, men det hadde vore fint å hatt eit forståeleg norsk uttrykk.
Microsoft har så vidt eg kan sjå berre éin tekst (for Xbox 360) der uttrykket er omsett. Der er «Force Feedback Wheel» blitt til «Hjul med effektsimulering». Eigentleg er ikkje «effektsimulering» så dumt tenkt, men det er veldig vagt. Viss ein i innstillingane i eit bilspel ser ein avkryssingsboks med «Effektsimulering», kan det jo vera snakk om kva som helst – simulering av vêr-/regneffektar, for eksempel. (Ei anna sak er at Microsoft ikkje forstod at det var snakk om eit *ratt*, ikkje eit hjul.)
Førebels har eg landa på det litt tekniske «haptisk tilbakemelding», men tar gjerne imot betre forslag.