Versjon 5.2 av LibreOffice vil ta i bruk nokre nye formlar. Kva skal desse heite på norsk?
Tabell brukt i eksempla: Celle A1: Dette, A2: er, A3: ein, A4: tekst
CONCAT er ein litt endra versjon av CONCATENATE (KJEDA.SAMAN / KJEDE.SAMMEN). I Excel er CONCAT omsett med KJED.SAMMEN. Føreslår å bruke det same, altså KJED.SAMAN / KJED.SAMMEN.
CONCAT(A1:A4) returnerer «Detteereintekst» CONCATENAT(A1:A4) returnerer «er». Må skrivast som enkeltceller: (A1;A2;A3;A4)
TEXTJOIN gjer noko av det same som CONCAT, men set inn skiljeteikn mellom ledda. TEXTJOIN(" ";SANN;A1:A4) returnerer «Dette er ein tekst». Det første teiknet i formelen er skiljeteiknet, her mellomrom (" "). SANN betyr at eventuelle tomme celler i området skal ignorerast. Er ikkje omsett i Excel. Bør vel ha eit namn som viser at det er i familie med KJED.SAMAN?
IFS gjer noko av det same som IF (VISS), men kan ta fleire argument. I Excel omsett med VISS.SANN. Føreslår å bruke same namnet.
Eksempel: IFS(vilkår;viss_sann;vilkår1;viss_sann;…) Dette betyr at dersom vilkåret er sant, vil viss_sann bli utført, elles viss_usann.
IFS(A1="dette";A1;B1="Er";B1;C1="ein";C1;D1="tekst";D1) Viss A1 = "dette", skriv ut A1 elles sjekk om B1 = "Er" osv. Returnerer «ein» sidan A1 <> «dette» og B1 <> «Er».
MAXIFS hentar ut den største verdien som oppfyller eit krav. MAXIFS(Maks_område;kriterieområde;kriterium) Samanliknar verdiane i kriterieområdet med verdien i kriterium. Dersom fleire treff, blir den største motsvarande verdien i maks_området returnert.
Er i Excel omsett med MAKSHVIS. Føreslår å bruke same namnet. (nn: MAKSVISS).
MINIFS hentar ut den minste verdien som oppfyller eit krav. Elles som MAXIFS.
Er i Excel omsett med MINHVIS. Føreslår å bruke same namnet. (nn: MINVISS).
SWITCH kan samanliknast med å hente ut data frå ein tabell ved hjelp av indeksen. SWITCH(B1;1;"søndag";2;"måndag";3;"tysdag";4;"onsdag";5;"torsdag";6;"fredag";7;"laurdag";"ingen treff") Er B1 = 1, vil funksjonen returnere "søndag", er B1 = 5, blir resultatet "fredag" osv. Er B1 større enn 7 eller mindre enn 1, blir resultatet "ingen treff".
Er i Excel omsett med BRYTER. Eg veit at vi bør bruke mest mogleg same namna som er brukte i Excel, men her skurrar det etter mi meining.
LibreOffice 5.2 kan lastast ned som betaversjon frå https://www.libreoffice.org/
Håper på innvendingar/forslag.
Helsing
Kolbjørn Stuestøl