Eg har gjort nokre viktige endringar i ordbokskriptet.
For det første har eg flytta skriptet til mappa med dei andre ordbank-skripta, altso «i18n/ordbanken/skript». Eg har òg endra namnet til «ordbanken» (utan etternamnet «.sh»).
Alle som har alias til skriptet i .bashrc-filene (e.l.) sine må derfor oppdatera adressene der.
Meir interessant er det kanskje at eg har lagt til autofullføring av skriptargument via «bash completion». For å starta støtta for ordbankskriptet, er det berre å stå i skriptmappa og kjøra
source bash_completion_ordbanken
Tabulatortasten vil no autofullføra ordbankkommandoar, akkurat som med alle dei andre kommandoane «bash completion»-støttar frå før. Her er nokre eksempel:
$ ./ordbanken [tab] ./ordbanken --sprak
(Valet «--sprak» vert automatisk lagt til.)
$ ./ordbanken --sprak [tab] nb nn ./ordbanken --sprak n
(Liste med vala «nb» og «nn» vert vist, og bokstaven «n» vert lagt til.)
$ ./ordbanken -[tab] -e --fargekod --ikkje-fargekod -k --parentes --eksempel -h --ikkje-klammer --klammer -s -F --hjelp --ikkje-parentes -P --sprak -f --html -K -p --tekst
(Liste over alle moglege argument vert vist.)
$ ./ordbanken --sprak nn ym[tab] ym ymiskvar ymislig ymist ymse ymsen ymsing ymte ymis ymisleg ymisskap ymje ymsefinna ymsesidig ymt ymting
(Liste over alle nynorskord som startar med «ym» vert vist.)
Viss nokon har merknader eller forslag til forbetringar, er det berre å ropa ut her på lista. Eg vurderer for øvrig å korta ned lista over argument til berre dei «lange» argumenta. Synspunkt på dette?