Som eg skreiv på denne lista 19. januar:
Om ein skal samanlikne med vanleg matematisk bruk, er det mest relevant å samanlikne med kva ein nyttar i formlar og i matematisk programvare, ikkje dei fulle namna. På trykk og i reint matematiske program som Mathematicaog Maple er det arccos som vert nytta, medan berekningsorienterte program som Matlab og R nyttar acos. Engelsk Excel har acos, meda norsk Excel har arccos. Mange kalkulatorar nyttar cos^-1. Eg trur verken val av arccos eller acos vil utløyse nokon debatt i matematiske krinsar, vi er så vande med at det varierer frå program til program. Eg ville lagt meir vekt på å ikkje forvirre dei som er vande med Excel, eller vekslar imellom. (Synd då at norsk og engelsk Excel ikkje har same namn på desse funksjonane.)
Eg ville fjerna INVERS-formene så snart som råd. Om det vert ACOS eller ARCCOS er hipp som happ. Sidan norsk og engelsk Excel ikkje er einige, ville eg gått for samsvar med engelsk LibreOffice, altså ACOS.
-thomas
2013/6/17 Yngve Inntjore Levinsen yngve.levinsen@gmail.com
Ganske sikker på at arccos er det samme på engelsk og norsk, mens acos er kort-varianten som benyttes når man har plassmangel (eller skriver for hånd).
invers cos er forklaringen på hva det er, så noen vil vel benytte begrepet muntlig for å gjøre det helt klart.
Også her er de lange versjonene benyttet på engelsk: http://en.wikipedia.org/wiki/Inverse_trigonometric_function
Det virker også inkonsistent for meg at norsk har oversatt til en 'beskrivende' form, mens man på nynorsk benytter den tekniske formen.
Hvis det var opp til meg ville jeg benyttet samme tekniske form på engelsk som norsk. Det er det forfatteren av programmet har ment å benytte. Dersom 'inverse cosine' er skrevet på engelsk burde det naturlig nok oversettes med 'invers cosinus' (etc).
Håper dette hjelper.
Mvh, Yngve
Den 16. juni 2013 22:42, skrev Kolbjørn Stuestøl:
I LibreOffice 4.1 (og tidlegare utgåver) er ein del funksjonar omsette slik: Engelsk -> nynorsk -> bokmål -> Excel ACOS ACOS INVERS.COS ARCCOS ACOS ACOSH INVERS.COSH ARCCOSH ACOT ACOT INVERS.COT ACOT ACOTH ACOTH INVERS.COTH ACOTH
Kva er dei rette namna på norsk? Ut frå det eg har forstått av tidlegare innlegg i dette forumet, mellom anna 18.1.13, er det vel fornuftigast å bruke originalversjonane her, men eg treng dette verifisert av matematikarane eller andre som føler seg kalla. Kva er det vanlegaste blant norske matematikarar (når dei skriv norsk)? Det er for mange år sidan eg sjølv var borte i denne typen matematikk.
Kolbjørn Stuestøl
i18n-no mailing list i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
i18n-no mailing list i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no