Funksjonsnamn i rekneark. Under arbeidet med å omsetje LibreOffice 4.0 har eg kome over ein del funksjonsnamn med feil eller manglar.
*Ikkje omsette:*
BAHTTEXT. Forslag: BAHTTEKST. (Gjer eit tal om til tekst i Thai) DATEDIF. Forslag: DATODIFF. (Tal på heile dagar, månader eller år mellom to datoar) EXP. Forslag: EKSP (som i Excel). (Eksponenten av grunntalet e) Desse skulle det vere kurante å bruke?
*Ulikt nb og nn:*
LOOKUP -> SLÅ.OPP (Nå: (nn) SLÅ.OPP / (nb) FINN.NÅ / (Excel) SLÅ.OPP)
*Retting av feil:* Thomas Nygren gjer merksam på at CSC er omsett feil til COSEKANT både på nb og nn. Bør anten vere CSC eller COSEKANS. Følgjeleg også CSCH som bør bli til CSCH eller (etter mitt syn dårlegare) HYPERBOLSK.COSEKANS. (Excel: CSC og CSCH) Det same gjeld for SEC og SECH som bør vere SEC eller SEKANS og SECH eller HYPERBOLSK.SEKANS. (Excel: SEC og SECH). Dette bør det vel også vere relevant å rette opp?
*Spesielt for nynorsk:*
COUNT er omsett med TAL. Lett å misforstå. Forslag: TAL.PÅ (Bokmål: ANTALL) COUNTA er nå TALA. Forslag: TAL.PÅA (Bokmål/Excel: ANTALLA) COUNTIF er nå TAL.DERSOM. Forslag: TAL.PÅ.DERSOM (Bokmål/Excel: ANTALL.HVIS) COUNTIFS er nå COUNTIFS. Forslag: TAL.PÅ.DERSOM.SETT (Bokmål/Excel: ANTALL.HVIS.SETT)
DERSOM / VISS Eg har lufta det før, men for å vere sikker prøver eg igjen. Er det råd å bytte DERSOM med VISS? Ut frå responsane eg fekk tidlegare her, bør det bli VISS, men talet på svar er i minste laget tykkjer eg. (Til underretning: VISS er også lov på bokmål).
Å i staden gå over til det språknøytrale OM for nb og nn er vel utopi, sjølv om det er brukt på svensk. TAL.PÅ.OM.SETT ser jo i første omgang litt rart ut, men t.d. OM(A1<5;"Mindre") ser greit ut. Hadde spart to tastetrykk kvar gong på å bruke OM i staden for VISS. :-)
Lista over funksjonsnamna i LibreOffice 4.0 og Excel er framleis her (litt oppdatert sidan sist): http://www.stuestoel.no/temp/funksjonsnamna.ods og http://www.stuestoel.no/temp/funksjonsnamna.html
Eg har sikkert fleire slike spørsmål og kommentarar, men dei får kome etter kvart. Helsing Kolbjørn Stuestøl
Den 21.02.2013 16:13, skreiv Kolbjørn Stuestøl:
Funksjonsnamn i rekneark. Under arbeidet med å omsetje LibreOffice 4.0 har eg kome over ein del funksjonsnamn med feil eller manglar.
*Ikkje omsette:*
BAHTTEXT. Forslag: BAHTTEKST. (Gjer eit tal om til tekst i Thai) DATEDIF. Forslag: DATODIFF. (Tal på heile dagar, månader eller år mellom to datoar) EXP. Forslag: EKSP (som i Excel). (Eksponenten av grunntalet e) Desse skulle det vere kurante å bruke?
*Ulikt nb og nn:*
LOOKUP -> SLÅ.OPP (Nå: (nn) SLÅ.OPP / (nb) FINN.NÅ / (Excel) SLÅ.OPP)
Her har eg rota litt. I LibreOffice 4.0 er desse omsette på bokmål. Der heiter det BAHTTEKST, DATODIFF, EKSP OG SLÅ.OPP. Denne delen av originalinnlegget kan såleis sløyfast.
Orsakinga for meg er at den maskinen eg køyrde bokmålsversjonen på ikkje var oppdatert. (Har ikkje funne noen måte å køyre to versjonar samstundes på same maskinen).
Kolbjørn Stuestøl
2013/2/21 Kolbjørn Stuestøl kolbjoern@stuestoel.no
Funksjonsnamn i rekneark. Under arbeidet med å omsetje LibreOffice 4.0 har eg kome over ein del funksjonsnamn med feil eller manglar.
(...)
*Retting av feil:* Thomas Nygren gjer merksam på at CSC er omsett feil til COSEKANT både på nb og nn. Bør anten vere CSC eller COSEKANS. Følgjeleg også CSCH som bør bli til CSCH eller (etter mitt syn dårlegare) HYPERBOLSK.COSEKANS. (Excel: CSC og CSCH) Det same gjeld for SEC og SECH som bør vere SEC eller SEKANS og SECH eller HYPERBOLSK.SEKANS. (Excel: SEC og SECH). Dette bør det vel også vere relevant å rette opp?
Excel har SEC, SECH, CSC og CSCH. Eg føretrekk framleis desse framfor dei fulle namna. Det er ingen som brukar desse utan å kjenne kortnamna.
*Spesielt for nynorsk:*
COUNT er omsett med TAL. Lett å misforstå. Forslag: TAL.PÅ (Bokmål: ANTALL) COUNTA er nå TALA. Forslag: TAL.PÅA (Bokmål/Excel: ANTALLA) COUNTIF er nå TAL.DERSOM. Forslag: TAL.PÅ.DERSOM (Bokmål/Excel: ANTALL.HVIS) COUNTIFS er nå COUNTIFS. Forslag: TAL.PÅ.DERSOM.SETT (Bokmål/Excel: ANTALL.HVIS.SETT)
Desse funksjonane er blant dei mest brukte, og dei har etablerte namn, så eg er særs skeptisk til å endre dei. TAL.PÅA funker heller ikkje i mine auge. Som ein konsekvens føreslår eg at COUNTIFS vert kalla TAL.DERSOM.SETT.
DERSOM / VISS Eg har lufta det før, men for å vere sikker prøver eg igjen. Er det råd å bytte DERSOM med VISS? Ut frå responsane eg fekk tidlegare her, bør det bli VISS, men talet på svar er i minste laget tykkjer eg. (Til underretning: VISS er også lov på bokmål).
Å i staden gå over til det språknøytrale OM for nb og nn er vel utopi, sjølv om det er brukt på svensk. TAL.PÅ.OM.SETT ser jo i første omgang litt rart ut, men t.d. OM(A1<5;"Mindre") ser greit ut. Hadde spart to tastetrykk kvar gong på å bruke OM i staden for VISS. :-)
Om du endrar namn på DERSOM, trur eg du må kompensere med å sende alle nynorskbrukarar av LibreOffice noko passe mykt å stange hovudet mot ;)
-thomas
Den 27.02.2013 07:10, skreiv Thomas Nygreen:
2013/2/21 Kolbjørn Stuestøl <kolbjoern@stuestoel.no mailto:kolbjoern@stuestoel.no>
Funksjonsnamn i rekneark. Under arbeidet med å omsetje LibreOffice 4.0 har eg kome over ein del funksjonsnamn med feil eller manglar. (...) *Retting av feil:* Thomas Nygren gjer merksam på at CSC er omsett feil til COSEKANT både på nb og nn. Bør anten vere CSC eller COSEKANS. Følgjeleg også CSCH som bør bli til CSCH eller (etter mitt syn dårlegare) HYPERBOLSK.COSEKANS. (Excel: CSC og CSCH) Det same gjeld for SEC og SECH som bør vere SEC eller SEKANS og SECH eller HYPERBOLSK.SEKANS. (Excel: SEC og SECH). Dette bør det vel også vere relevant å rette opp?Excel har SEC, SECH, CSC og CSCH. Eg føretrekk framleis desse framfor dei fulle namna. Det er ingen som brukar desse utan å kjenne kortnamna.
Kva med feilrettinga. Kva bør vi velje her?
*Spesielt for nynorsk:* COUNT er omsett med TAL. Lett å misforstå. Forslag: TAL.PÅ (Bokmål: ANTALL) COUNTA er nå TALA. Forslag: TAL.PÅA (Bokmål/Excel: ANTALLA) COUNTIF er nå TAL.DERSOM. Forslag: TAL.PÅ.DERSOM (Bokmål/Excel: ANTALL.HVIS) COUNTIFS er nå COUNTIFS. Forslag: TAL.PÅ.DERSOM.SETT (Bokmål/Excel: ANTALL.HVIS.SETT)Desse funksjonane er blant dei mest brukte, og dei har etablerte namn, så eg er særs skeptisk til å endre dei. TAL.PÅA funker heller ikkje i mine auge. Som ein konsekvens føreslår eg at COUNTIFS vert kalla TAL.DERSOM.SETT.
Er i grunnen einig. Og sjølvsagt heilt samd i at vi må vere konsekvente. Bruker vi TAL må vi også bruke TAL.DERSOM.Sett. Språk er ein vane og har ein lært seg eit namn på ein funksjon elller kva det er, betyr namnet i seg sjølv ikkje så mykje. Veit ikkje kor mange det er som er vane med å bruke rekneark frå før. Eg tenkte kanskje helst på dei, som tilliks med meg sjølv, er nye med LibreOffice. I innlæringsfasen er det greit med fornuftige namn som er lette å hugse.
DERSOM / VISS Eg har lufta det før, men for å vere sikker prøver eg igjen. Er det råd å bytte DERSOM med VISS? Ut frå responsane eg fekk tidlegare her, bør det bli VISS, men talet på svar er i minste laget tykkjer eg. (Til underretning: VISS er også lov på bokmål). Å i staden gå over til det språknøytrale OM for nb og nn er vel utopi, sjølv om det er brukt på svensk. TAL.PÅ.OM.SETT ser jo i første omgang litt rart ut, men t.d. OM(A1<5;"Mindre") ser greit ut. Hadde spart to tastetrykk kvar gong på å bruke OM i staden for VISS. :-)Om du endrar namn på DERSOM, trur eg du må kompensere med å sende alle nynorskbrukarar av LibreOffice noko passe mykt å stange hovudet mot ;)
Er nok redd for det. Igjen dette med vanen. Eg blei vel litt frimodig då eg oppdaga at den som har skrive rettningslinjer for omsetjing (http://i18n.skulelinux.no/retningslinjer.html#destHeader22) bruker viss. DERSOM er såpass mykje brukt i rekneark, i alle fall av meg, at ei innsparing på noen tastetrykk faktisk betyr litt. (Eg veit det, eg kan setje opp til automatisk ifylling slik at når eg skriv DER så fullfører programmet automatisk slik at ordet blir DERSOM.
Eg har ingen planar om å endre noe som helst i LibreOffice Calc utan godkjenning frå denne lista, sjølv ikkje feil. Men har altså noen innspel av og til.
Helsing Kobjørn
-thomas
2013/2/27 Kolbjørn Stuestøl kolbjoern@stuestoel.no
Den 27.02.2013 07:10, skreiv Thomas Nygreen:
2013/2/21 Kolbjørn Stuestøl <kolbjoern@stuestoel.no mailto: kolbjoern@stuestoel.no**> *Retting av feil:* Thomas Nygren gjer merksam på at CSC er omsett feil til COSEKANT både på nb og nn. Bør anten vere CSC eller COSEKANS. Følgjeleg også CSCH som bør bli til CSCH eller (etter mitt syn dårlegare) HYPERBOLSK.COSEKANS. (Excel: CSC og CSCH) Det same gjeld for SEC og SECH som bør vere SEC eller SEKANS og SECH eller HYPERBOLSK.SEKANS. (Excel: SEC og SECH). Dette bør det vel også vere relevant å rette opp?
Excel har SEC, SECH, CSC og CSCH. Eg føretrekk framleis desse framfor dei fulle namna. Det er ingen som brukar desse utan å kjenne kortnamna.
Kva med feilrettinga. Kva bør vi velje her?
Om ein skal halde på dei fulle namna, må dei sjølvsagt rettast opp. Med kortformene slipp ein unna heile forvirringa.
-thomas
to. den 21. 02. 2013 klokka 16.13 (+0100) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
*Spesielt for nynorsk:*
COUNT er omsett med TAL. Lett å misforstå. Forslag: TAL.PÅ(Bokmål: ANTALL)
Kva med TEL i staden for TAL?
Den 12.05.2013 15:02, skreiv Karl Ove Hufthammer:
to. den 21. 02. 2013 klokka 16.13 (+0100) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
*Spesielt for nynorsk:*
COUNT er omsett med TAL. Lett å misforstå. Forslag: TAL.PÅ(Bokmål: ANTALL)
Kva med TEL i staden for TAL?
Gjeld funksjonane Engelsk nn nb Excel Handling COUNT TAL ANTALL ANTALL Tel kor mange tal det er i lista med argument. COUNTA TALA ANTALLA ANTALLA Tel kor mange verdiar det er i lista med argument. COUNTIF TAL.DERSOM ANTALL.HVIS ANTALL.HVIS Tel argument som passar med vilkåra. COUNTIFS TAL.DERSOM.SETT ANTALL.HVIS.SETT ANTALL.HVIS.SETT Tel cellene som samsvarar med kriteria i fleire område. YEARS TAL.PÅ.ÅR ANTALL.ÅR ? Reknar ut talet på år i ein gitt periode. SHEETS TAL.PÅ.ARK ANTALL.ARK ANTALL.ARK Talet på ark.
Ut frå lista ovanfor, skulle det vel ikkje vere noe i mot å bruke forslaget ditt? Utspel?
Helsing Kolbjørn Stuestøl
Eg er einig i at TEL er eit godt forslag. Eg har aldri heild klart å venja meg til TAL, så sjølv om eg generelt er skeptisk til å endre dei mest nytta funksjonsnamna, trur eg denne vil vere lett å bli vand med.
Eg skulle òg ønske at vi fann ei konsekvent ordning med DERSOM/VISS. No er det SUMMER.VISS men TAL.DERSOM. (Forresten heiter det SUMMERHVIS utan punktum i Excel, Kolbjørn, så det er feil i lista di på stuestoel.no.)
Sånne namneendringar hadde vore mykje enklare om LibreOffice ga noko meir enn berre #NAMN! når ein nyttar eit funksjonsnamn som er endra, til dømes autokorrektur eller ein infoboks.
-thomas
2013/5/13 Kolbjørn Stuestøl kolbjoern@stuestoel.no
Den 12.05.2013 15:02, skreiv Karl Ove Hufthammer:
to. den 21. 02. 2013 klokka 16.13 (+0100) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
*Spesielt for nynorsk:*
COUNT er omsett med TAL. Lett å misforstå. Forslag: TAL.PÅ(Bokmål: ANTALL)
Kva med TEL i staden for TAL?
Gjeld funksjonane
Engelsk nn nb Excel Handling COUNT TAL ANTALL ANTALL Tel kor mange tal det er i lista med argument. COUNTA TALA ANTALLA ANTALLA Tel kor mange verdiar det er i lista med argument. COUNTIF TAL.DERSOM ANTALL.HVIS ANTALL.HVIS Tel argument som passar med vilkåra. COUNTIFS TAL.DERSOM.SETT ANTALL.HVIS.SETT ANTALL.HVIS.SETT Tel cellene som samsvarar med kriteria i fleire område. YEARS TAL.PÅ.ÅR ANTALL.ÅR ? Reknar ut talet på år i ein gitt periode. SHEETS TAL.PÅ.ARK ANTALL.ARK ANTALL.ARK Talet på ark.
Ut frå lista ovanfor, skulle det vel ikkje vere noe i mot å bruke forslaget ditt? Utspel?
Helsing Kolbjørn Stuestøl
______________________________**_________________ i18n-no mailing list i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/**mailman/lister.ping.uio.no/**listinfo/i18n-nohttps://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
Den 13.05.2013 15:02, skreiv Thomas Nygreen:
Eg er einig i at TEL er eit godt forslag. Eg har aldri heild klart å venja meg til TAL, så sjølv om eg generelt er skeptisk til å endre dei mest nytta funksjonsnamna, trur eg denne vil vere lett å bli vand med.
Amen
Eg skulle òg ønske at vi fann ei konsekvent ordning med DERSOM/VISS. No er det SUMMER.VISS men TAL.DERSOM. (Forresten heiter det SUMMERHVIS utan punktum i Excel, Kolbjørn, så det er feil i lista di på stuestoel.no http://stuestoel.no.)
Takker. Skal rette det når eg får tid. Er akkurat nå ute på andre oppdrag utan tilgang til opplasting til nettsida. Eg har vore inne på dette tidlegare og er einig i at i desse samanhengane er VISS betre enn DERSOM. (Dette endåtil om eg til vanleg skriv "dersom". Noen kvar er vel nøydd til å sale av ein kjepphest eller to for å få best mogleg resultat).
Sånne namneendringar hadde vore mykje enklare om LibreOffice ga noko meir enn berre #NAMN! når ein nyttar eit funksjonsnamn som er endra, til dømes autokorrektur eller ein infoboks.
Ja, irriterande feilmelding som i grunnen ikkje seier anna enn at du har feil. Samstundes vil jo LO vise dei endra namna i alle formlane og i formellistene, så problemet er ikkje uoverkomeleg.
Helsing Kolbjørn Stuestøl
-thomas
2013/5/13 Kolbjørn Stuestøl <kolbjoern@stuestoel.no mailto:kolbjoern@stuestoel.no>
Den 12.05.2013 15:02, skreiv Karl Ove Hufthammer: to. den 21. 02. 2013 klokka 16.13 (+0100) skreiv Kolbjørn Stuestøl: *Spesielt for nynorsk:* COUNT er omsett med TAL. Lett å misforstå. Forslag: TAL.PÅ (Bokmål: ANTALL) Kva med TEL i staden for TAL? Gjeld funksjonane Engelsk nn nb Excel Handling COUNT TAL ANTALL ANTALL Tel kor mange tal det er i lista med argument. COUNTA TALA ANTALLA ANTALLA Tel kor mange verdiar det er i lista med argument. COUNTIF TAL.DERSOM ANTALL.HVIS ANTALL.HVIS Tel argument som passar med vilkåra. COUNTIFS TAL.DERSOM.SETT ANTALL.HVIS.SETT ANTALL.HVIS.SETT Tel cellene som samsvarar med kriteria i fleire område. YEARS TAL.PÅ.ÅR ANTALL.ÅR ? Reknar ut talet på år i ein gitt periode. SHEETS TAL.PÅ.ARK ANTALL.ARK ANTALL.ARK Talet på ark. Ut frå lista ovanfor, skulle det vel ikkje vere noe i mot å bruke forslaget ditt? Utspel? Helsing Kolbjørn Stuestøl
Den 27.02.2013 18:16, skreiv Thomas Nygreen:
2013/2/27 Kolbjørn Stuestøl <kolbjoern@stuestoel.no mailto:kolbjoern@stuestoel.no>
Den 27.02.2013 07 <tel:27.02.2013%2007>:10, skreiv Thomas Nygreen: 2013/2/21 Kolbjørn Stuestøl <kolbjoern@stuestoel.no <mailto:kolbjoern@stuestoel.no> <mailto:kolbjoern@stuestoel.no <mailto:kolbjoern@stuestoel.no>>> *Retting av feil:* Thomas Nygren gjer merksam på at CSC er omsett feil til COSEKANT både på nb og nn. Bør anten vere CSC eller COSEKANS. Følgjeleg også CSCH som bør bli til CSCH eller (etter mitt syn dårlegare) HYPERBOLSK.COSEKANS. (Excel: CSC og CSCH) Det same gjeld for SEC og SECH som bør vere SEC eller SEKANS og SECH eller HYPERBOLSK.SEKANS. (Excel: SEC og SECH). Dette bør det vel også vere relevant å rette opp? Excel har SEC, SECH, CSC og CSCH. Eg føretrekk framleis desse framfor dei fulle namna. Det er ingen som brukar desse utan å kjenne kortnamna.
Eg har endra desse til kortversjonane i nynorskutgåva ut frå argumenta dine, men har ikkje tatt sjansen på å gjere det i bokmålsutgåva. Samstundes har eg også set inn SKEIVHEIT.P for SKEWP etter forslag frå Karl Ove Hufthammer. Dette gjeld LibreOfice 4.1 (developer version). Må vel vente til neste oppdatering før endringane blir synlege.
Helsing Kolbjørn Stuestøl
Kva med feilrettinga. Kva bør vi velje her?Om ein skal halde på dei fulle namna, må dei sjølvsagt rettast opp. Med kortformene slipp ein unna heile forvirringa.
-thomas
I LibreOffice 4.1 (og tidlegare utgåver) er ein del funksjonar omsette slik: Engelsk -> nynorsk -> bokmål -> Excel ACOS ACOS INVERS.COS ARCCOS ACOS ACOSH INVERS.COSH ARCCOSH ACOT ACOT INVERS.COT ACOT ACOTH ACOTH INVERS.COTH ACOTH
Kva er dei rette namna på norsk? Ut frå det eg har forstått av tidlegare innlegg i dette forumet, mellom anna 18.1.13, er det vel fornuftigast å bruke originalversjonane her, men eg treng dette verifisert av matematikarane eller andre som føler seg kalla. Kva er det vanlegaste blant norske matematikarar (når dei skriv norsk)? Det er for mange år sidan eg sjølv var borte i denne typen matematikk.
Kolbjørn Stuestøl
Ganske sikker på at arccos er det samme på engelsk og norsk, mens acos er kort-varianten som benyttes når man har plassmangel (eller skriver for hånd).
invers cos er forklaringen på hva det er, så noen vil vel benytte begrepet muntlig for å gjøre det helt klart.
Også her er de lange versjonene benyttet på engelsk: http://en.wikipedia.org/wiki/Inverse_trigonometric_function
Det virker også inkonsistent for meg at norsk har oversatt til en 'beskrivende' form, mens man på nynorsk benytter den tekniske formen.
Hvis det var opp til meg ville jeg benyttet samme tekniske form på engelsk som norsk. Det er det forfatteren av programmet har ment å benytte. Dersom 'inverse cosine' er skrevet på engelsk burde det naturlig nok oversettes med 'invers cosinus' (etc).
Håper dette hjelper.
Mvh, Yngve
Den 16. juni 2013 22:42, skrev Kolbjørn Stuestøl:

i18n-no mailing list i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
Som eg skreiv på denne lista 19. januar:
Om ein skal samanlikne med vanleg matematisk bruk, er det mest relevant å samanlikne med kva ein nyttar i formlar og i matematisk programvare, ikkje dei fulle namna. På trykk og i reint matematiske program som Mathematicaog Maple er det arccos som vert nytta, medan berekningsorienterte program som Matlab og R nyttar acos. Engelsk Excel har acos, meda norsk Excel har arccos. Mange kalkulatorar nyttar cos^-1. Eg trur verken val av arccos eller acos vil utløyse nokon debatt i matematiske krinsar, vi er så vande med at det varierer frå program til program. Eg ville lagt meir vekt på å ikkje forvirre dei som er vande med Excel, eller vekslar imellom. (Synd då at norsk og engelsk Excel ikkje har same namn på desse funksjonane.)
Eg ville fjerna INVERS-formene så snart som råd. Om det vert ACOS eller ARCCOS er hipp som happ. Sidan norsk og engelsk Excel ikkje er einige, ville eg gått for samsvar med engelsk LibreOffice, altså ACOS.
-thomas
2013/6/17 Yngve Inntjore Levinsen yngve.levinsen@gmail.com
Ganske sikker på at arccos er det samme på engelsk og norsk, mens acos er kort-varianten som benyttes når man har plassmangel (eller skriver for hånd).
invers cos er forklaringen på hva det er, så noen vil vel benytte begrepet muntlig for å gjøre det helt klart.
Også her er de lange versjonene benyttet på engelsk: http://en.wikipedia.org/wiki/Inverse_trigonometric_function
Det virker også inkonsistent for meg at norsk har oversatt til en 'beskrivende' form, mens man på nynorsk benytter den tekniske formen.
Hvis det var opp til meg ville jeg benyttet samme tekniske form på engelsk som norsk. Det er det forfatteren av programmet har ment å benytte. Dersom 'inverse cosine' er skrevet på engelsk burde det naturlig nok oversettes med 'invers cosinus' (etc).
Håper dette hjelper.
Mvh, Yngve
Den 16. juni 2013 22:42, skrev Kolbjørn Stuestøl:
I LibreOffice 4.1 (og tidlegare utgåver) er ein del funksjonar omsette slik: Engelsk -> nynorsk -> bokmål -> Excel ACOS ACOS INVERS.COS ARCCOS ACOS ACOSH INVERS.COSH ARCCOSH ACOT ACOT INVERS.COT ACOT ACOTH ACOTH INVERS.COTH ACOTH
Kva er dei rette namna på norsk? Ut frå det eg har forstått av tidlegare innlegg i dette forumet, mellom anna 18.1.13, er det vel fornuftigast å bruke originalversjonane her, men eg treng dette verifisert av matematikarane eller andre som føler seg kalla. Kva er det vanlegaste blant norske matematikarar (når dei skriv norsk)? Det er for mange år sidan eg sjølv var borte i denne typen matematikk.
Kolbjørn Stuestøl
i18n-no mailing list i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
i18n-no mailing list i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
Den 17.06.2013 16:37, skreiv Thomas Nygreen:
Som eg skreiv på denne lista 19. januar:
Om ein skal samanlikne med vanleg matematisk bruk, er det mest relevant å samanlikne med kva ein nyttar i formlar og i matematisk programvare, ikkje dei fulle namna. På trykk og i reint matematiske program som Mathematica og Maple er det arccos som vert nytta, medan berekningsorienterte program som Matlab og R nyttar acos. Engelsk Excel har acos, meda norsk Excel har arccos. Mange kalkulatorar nyttar cos^-1. Eg trur verken val av arccos eller acos vil utløyse nokon debatt i matematiske krinsar, vi er så vande med at det varierer frå program til program. Eg ville lagt meir vekt på å ikkje forvirre dei som er vande med Excel, eller vekslar imellom. (Synd då at norsk og engelsk Excel ikkje har same namn på desse funksjonane.)
Det var dette innlegget eg sikta til. (Eg har ikkje kontrollert kva engelske uttrykk Excel brukar. Dei engelske uttrykka eg refererer til, er frå den engelske utgåva av LibreOffice).
Eg ville fjerna INVERS-formene så snart som råd. Om det vert ACOS eller ARCCOS er hipp som happ. Sidan norsk og engelsk Excel ikkje er einige, ville eg gått for samsvar med engelsk LibreOffice, altså ACOS.
-thomas
2013/6/17 Yngve Inntjore Levinsen <yngve.levinsen@gmail.com mailto:yngve.levinsen@gmail.com>
Ganske sikker på at arccos er det samme på engelsk og norsk, mens acos er kort-varianten som benyttes når man har plassmangel (eller skriver for hånd). invers cos er forklaringen på hva det er, så noen vil vel benytte begrepet muntlig for å gjøre det helt klart. Også her er de lange versjonene benyttet på engelsk: http://en.wikipedia.org/wiki/Inverse_trigonometric_function Det virker også inkonsistent for meg at norsk har oversatt til en 'beskrivende' form, mens man på nynorsk benytter den tekniske formen. Hvis det var opp til meg ville jeg benyttet samme tekniske form på engelsk som norsk. Det er det forfatteren av programmet har ment å benytte. Dersom 'inverse cosine' er skrevet på engelsk burde det naturlig nok oversettes med 'invers cosinus' (etc). Håper dette hjelper. Mvh, Yngve
Takk for engasjementet begge to. Ut frå desse to innlegga reknar eg med at vi kan omsetje anten slik som det er gjort på nynorsk, som er lik engelsk, eller som i Excel. Same kva resultatet blir, bør namna vere dei same på bokmål og nynorsk.
Ut frå argumentasjonen ovanfor går eg ut frå at dette også gjeld for
Engelsk nynorsk bokmål Excel ASIN ASIN INVERS.SIN ARCSIN ASINH ASINH INVERS.SINH ARCSINH ATAN ATAN INVERS.TAN ARCTAN ATAN2 INVERS.TAN2 INVERS.TAN2 ARCTAN2 ATANH ATANH INVERS.TANH ARCTANH
(Nynorsk INVERS.TAN2 bør i tilfelle bli ATAN2).
Kolbjørn Stuestøl
Den 16. juni 2013 22:42, skrev Kolbjørn Stuestøl: > I LibreOffice 4.1 (og tidlegare utgåver) er ein del funksjonar omsette > slik: > Engelsk -> nynorsk -> bokmål -> Excel > ACOS ACOS INVERS.COS ARCCOS > ACOS ACOSH INVERS.COSH ARCCOSH > ACOT ACOT INVERS.COT ACOT > ACOTH ACOTH INVERS.COTH ACOTH > > Kva er dei rette namna på norsk? > Ut frå det eg har forstått av tidlegare innlegg i dette forumet, > mellom anna 18.1.13, er det vel fornuftigast å bruke > originalversjonane her, men eg treng dette verifisert av > matematikarane eller andre som føler seg kalla. Kva er det vanlegaste > blant norske matematikarar (når dei skriv norsk)? Det er for mange år > sidan eg sjølv var borte i denne typen matematikk. > > Kolbjørn Stuestøl
må. den 17. 06. 2013 klokka 21.24 (+0200) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
Ut frå desse to innlegga reknar eg med at vi kan omsetje anten slik som det er gjort på nynorsk, som er lik engelsk, eller som i Excel. Same kva resultatet blir, bør namna vere dei same på bokmål og nynorsk.
Ut frå argumentasjonen ovanfor går eg ut frå at dette også gjeld for
Engelsk nynorsk bokmål Excel ASIN ASIN INVERS.SIN ARCSIN ASINH ASINH INVERS.SINH ARCSINH ATAN ATAN INVERS.TAN ARCTAN ATAN2 INVERS.TAN2 INVERS.TAN2 ARCTAN2 ATANH ATANH INVERS.TANH ARCTANH
(Nynorsk INVERS.TAN2 bør i tilfelle bli ATAN2).
Eg synest dette er ei god løysing.
Jeg har ingen innvendinger, så sett i gang.
Ut frå tidlegare innlegg føreslår eg då av vi brukar desse nemningane på norsk i LibreOffice (Excel er utanfor vårt område):
Engelsk nynorsk bokmål Excel ACOS ACOS ACOS ARCCOS ACOS ACOSH ACOSH ARCCOSH ACOT ACOT ACOT ACOT ACOTH ACOTH ACOTH ACOTH
ASIN ASIN ASIN ARCSIN ASINH ASINH ASINH ARCSINH ATAN ATAN ATAN ARCTAN ATAN2 ATAN2 ATAN2 ARCTAN2 ATANH ATANH ATANH ARCTANH
Dette betyr i praksis ingen endringar på nynorsk. For bokmålsfilene har eg bare løyve til å kome med forslag, noe som er gjort. Reknar med at Olav Dahlum ordnar resten.
Det er ikkje for seint å eventuelt bruke same nemningane som i Excel om dette er ønskjeleg. LibreOffice 4.1 er ei førebels (development) utgåve. Eg veit ikkje når denne blir til ein fullverdig versjon.
For oss som ikkje er helt bevandret udi matematiken, ville nok INVERS.SIN vere meir forståeleg enn ASIN, men eg reknar med at dei fleste som nyttar desse funksjonane kjenner dei og nemningane frå før. Etter kvart blir jo også hjelpfunksjonane i LibreOffice godt utbygde.
Kolbjørn