On Wed, Dec 10, 2003 at 11:37:37PM +0100, Axel Bojer said:
Fellesordlista: animated graphic -> animasjon se også text animation For dette er vel en typisk animasjon? Hva med mini-animasjon (ikke så veldig norsk, men blir forstått)
Det er ein animasjon, men ikkje ein _typisk_ animasjon, dvs ikkje så typisk at den ikkje bør ha sitt eige namn. Med animasjon tenkjer eg meir eit animert element på ei webside eller liknande, ikkje eit tilfeldig animert ikon, anten det er på skrivebordet eller i nettlesaren. Sjølv om eg har eit ikon som endrer seg når eg får ny epost og heilt klart er animert, vil eg likevel kalle det eit postkasse-ikon eller postkasse-indikator [ok, eg har ikkje noko slikt ikon, så eg aner ikkje kva det heiter. Men eg har sett det :)], ikkje berre ein animasjon.