Laurdag 17. januar 2009 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
du kan finne "Prior" og "Next" på DEC VT-terminalar, til dømes.
Når me har fastsett dei offisielle namna for tastane på DEC VT- terminalane, bør desse inn i dei språklige retningslinjene våre, under (det eksisterande) avsnittet «Tastar»: http://i18n.skulelinux.no/retningslinjer.html
KP_Foo er keysym-namnet. det er truleg at Foo også er eit slikt keysym-namn. det gjev ikkje meining å omsetje slikt, det er konstantar.
Viss det viser seg at tekstane ikkje er meint å setjast om, bør ein melda frå til utviklarane om dette, slik at dei ikkje vert gjorde tilgjengelige for omsetting (og soleis fører til at programmet ikkje verkar skikkelig).