Bjørn Kvisli skreiv:
Lørdag 2. februar 2008, skrev Håvard Korsvoll:
Hei lista
Eg er med på utvklarsamlinga i Narvik som einaste omsetjar i skulelinux. Eg tenkjer at vi eigentleg bør ha ei eiga samling for omsetjarar.
Hva mener du skal foregå der? Jeg renger med vi burde oversette, men har du tenkt på noe mer?
På denne første samlinga er eg ikkje så opptatt av å fokusere for mykje på sjølve omsetjingsarbeidet. Eg håpar å få med fleire enn dei som jobbar med omsetjing i Skulelinux. Det er jo aktive miljø som jobbar med Moilla-programma, Ubuntu, Gnome, Mandriva og kanskje andre. Viss vi klarer å få med alle, så er det eit unikt høve til å orientere kvarandre om det vi jobbar med og få til betre samarbeid.
Kanskje vi kan få nokon til å lage seminar eller ei lita forelesning om omsetjingsarbeidet. Det kan vere grunnlag for diskusjon om korleis vi bør organisere arbeidet betre.
Det har tidlegare på lista vore ytra ynskje om ei betre felles nettside for omsetjing av fri programvare i Norge. Kanskje vi kan jobbe litt med det.
Dessutan så håpar eg å få rekruttert nye, spesiellt blant lærarar på skular som har teke ibruk skulelinux. Ole Anders meiner det er ein del interesse blant skulane på nordvestlandet som brukar skulelinux til å bidra med betre omsetjingar.
På den måten håpar eg det blir lettare å lære opp folk i bruk av det rammeverket som vi nyttar til omsetjing.
Håvard