I omsetjinga av LibreOffice UI (brukargrensesnittet) til nynorsk, har eg desse tre setningane igjen:
"Char Interoperability Grab Bag", "Para Interop Grab Bag" og "Style Interop Grab Bag". På bokmål er "Grab bag" «omsett» med «GB». På dansk «lykkepose» og på tysk «Wundertüte». Svensk ikkje omsett. Har ikkje sjekka andre språk. Kva i all verda er "Grab bag"?
Eg finn ingen stad ei forklaring på kva lykkeposen i denne samanhengen er, gjer eller blir brukt til. Nokon som veit? I tilfelle, kva kan uttrykket omsetjast til/med?
Eg meiner dette har vore diskutert før, og prøvde å søke i arkivet for dette forumet, men fekk ei feilmelding om at databasen ikkje var tilgjengeleg.
Helsing Kolbjørn