I omsetjinga av LibreOffice UI (brukargrensesnittet) til nynorsk, har eg desse tre setningane igjen:
"Char Interoperability Grab Bag", "Para Interop Grab Bag" og "Style Interop Grab Bag". På bokmål er "Grab bag" «omsett» med «GB». På dansk «lykkepose» og på tysk «Wundertüte». Svensk ikkje omsett. Har ikkje sjekka andre språk. Kva i all verda er "Grab bag"?
Eg finn ingen stad ei forklaring på kva lykkeposen i denne samanhengen er, gjer eller blir brukt til. Nokon som veit? I tilfelle, kva kan uttrykket omsetjast til/med?
Eg meiner dette har vore diskutert før, og prøvde å søke i arkivet for dette forumet, men fekk ei feilmelding om at databasen ikkje var tilgjengeleg.
Helsing Kolbjørn
[Kolbjørn Stuestøl]
Eg meiner dette har vore diskutert før, og prøvde å søke i arkivet for dette forumet, men fekk ei feilmelding om at databasen ikkje var tilgjengeleg.
Se eposttråd med blant annet melding 2021-03-13 22:07:06+0100. (Det er jammen kjent å lese eposten sin med <URL: https://notmuchmail.org/ >:)
Petter Reinholdtsen skreiv 06.12.2021 22:15:
Se eposttråd med blant annet melding 2021-03-13 22:07:06+0100. (Det er jammen kjent å lese eposten sin med <URL:https://notmuchmail.org/ >:)
Og her er e-posten i arkivet (tråden «Char Auto Escapement»): http://lister.huftis.org/pipermail/l10n-no-huftis.org/2021-March/thread.html
Også diskuert på omsetjarlista til LibreOffice: https://listarchives.libreoffice.org/global/l10n/2020/msg00493.html
Eg synest «samlesekk» er ei heilt grei omsetjing.
Den 06.12.2021 22:31, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Petter Reinholdtsen skreiv 06.12.2021 22:15:
Se eposttråd med blant annet melding 2021-03-13 22:07:06+0100. (Det er jammen kjent å lese eposten sin med <URL:https://notmuchmail.org/%C2%A0 >:)
Og her er e-posten i arkivet (tråden «Char Auto Escapement»): http://lister.huftis.org/pipermail/l10n-no-huftis.org/2021-March/thread.html
Også diskuert på omsetjarlista til LibreOffice: https://listarchives.libreoffice.org/global/l10n/2020/msg00493.html
Eg synest «samlesekk» er ei heilt grei omsetjing.
Takke for begge trådane. Etter å ha studert dei, har eg brukt forslaget «samlesekk». Helsing Kolbjørn
Den 06.12.2021 22:15, skreiv Petter Reinholdtsen:
[Kolbjørn Stuestøl]
Eg meiner dette har vore diskutert før, og prøvde å søke i arkivet for dette forumet, men fekk ei feilmelding om at databasen ikkje var tilgjengeleg.
Se eposttråd med blant annet melding 2021-03-13 22:07:06+0100. (Det er jammen kjent å lese eposten sin med <URL: https://notmuchmail.org/ >:)
Takk for tilbakemeldinga.
Eg bruker Windows, så denne er ikkje aktuell utan at eg prøver å legge han inn med Cygwin. Bruker normalt Thunderbird, men denne gongen gløymde eg å søke i meldingsteksten. Søkte berre i emne. :-(
Helsing Kolbjørn