Axel Bojer skreiv:
Du mener «kumulative fordelingsfunksjon» og «verdien av sannsynligheten» sier seg selv?
Når me snakkar om halesannsyn er det gitt at det er snakk om kumulative sannsyn.
«Verdien av sannsynligheten» vil vera ei feilomsetting. Det er snakk om «[probability density function]», ikkje «[probability] of the [density fuction]». Viss det var snakk om sannsynet, ville dette alltid vera lik 0 …
At det er *verdien* av funksjonen, og ikkje funksjonen sjølv, som vert returnert antar eg er underforstått, då OpenOffice.org Calc ikkje har eit funksjonelt språk. Men viss de har brukt «verdien av» i alle andre skildringar, kan de jo det her òg.