On Sat, 2009-11-07 at 15:39 +0100, Åsmund Skjæveland wrote:
Karl Ove Hufthammer skreiv, den 01. nov. 2009 18:15:
Men dei virtuelle skjermflatene, der du for eksempel har eitt tilgjengelig med «Ctrl + Alt + F7» og eit anna på «Ctrl + Alt + F8» (kanskje som ein annan brukar), er det screen eller display?
det er eit display, som truleg kun består av éin screen.
Og når du har eitt logisk skjermbilde som strekker seg over to skjermar som står ved sidan av kvarandre (for eksempel oppløysing 2048 × 768), kva er det?
viss eit vindauge kan gå tvers over grensa mellom dei to skjermane, har du berre éin screen.
Og heilt tilsvarande, når du har same oppsett med to skjermar, men desse viser *ulike* skjermbilde, for eksempel to virtuelle skrivebord, kva er det?
det kan variere. det enklaste måten å sjekke dette på er å prøve å flytte vindauge, som over, eller å sjekke om $DISPLAY har same verdi på dei to skriveborda.
Etter å ha tenkt litt meir lurer eg på om det beste er å vera nøye med å kontrollera kor orda vert brukt kvardagsleg og kor dei vert brukt i X11-tydinga, og så bruka dei uomsett i X11-tyding. Dette er brukt i såpass sære ting (fjerninnlogging over XDMCP) at den jamne brukar ikkje vil vera borti det, og det vil berre forvirra ein sysadmin om han må gjetta kva som er meint med den norske omsetjinga.
einig med deg, Åsmund. elles synest eg at monitor -> skjerm og screen -> skjermflate var gode framlegg, det er "display" som er verkeleg kronglete. (merk at desse termane ikkje er intuitive for engelske brukarar heller, dette er terminologi som er heilt spesifikk for X.)