Ole-Erik Yrvin skreiv 09. juni 2018 21:18:
Alle sammen
Da så..
- Hvordan kan få lagt ut linken til den oppdaterte Fellesordlista offentlig, og enkelt få lastet den ned?
Veit ikkje om eg forstår spørsmålet, men Fellesordlista ligg der ho «alltid» har lege: http://i18n.skulelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html Du kan lasta ned ordlista med den vanlege lagrefunksjonen i nettlesaren du brukar.
Eventuelt finn du siste og tidlegare versjonar i SVN, for eksempel tilgjengeleg via http://svn.skolelinux.no/websvn/filedetails.php?repname=skolelinux&path=...
- Kan Ingrid og jeg oppdatere Fellesordlista ut fra de erfaringene vi har med oversettelsene hittil?
Det er ikkje slik det fungerer, at folk berre oppdaterer lista etter sine eigne «erfaringar». Ein kjem me forslag her på lista, så *diskuterer* me forslaga, og så legg nokon med skrivetilgang inn det me vart (nokolunde) einige om.
- Og hvordan er/blir /kan den bli den integrert med forslagene i Språkrådets datatermer?
Språkrådets datatermar er noko heilt anna enn Fellesordlista, med eit heilt anna formål. Språkrådets datatermar er ein *termbank*, mens vår Fellesordliste berre er ei enkel ordliste med forslag til omsettingar. Å få gjort Fellesordlista om til ein termbank ville lett involvera mange års arbeid, utan nokon spesiell nytteverdi.
Men ein kan alltids legga inn omsettingane *frå* datatermlista i Fellesordlista dersom det er nokon som manglar.