On 4/10/06, Knut Yrvin knuty@skolelinux.no wrote:
Mandag 10 april 2006 15:42, skrev Birger Kollstrand:
Delvis enig der. Men mitt fokus er KDE/Qt og jeg vil unngå å tråkke på noen tær. Skolelinux, Gnome og andre gode prosjekter er ikke mitt område.
Oversetting av KDE i Norge skjer i regi av Skolelinux-prosjektet. Det er også personer fra Skolelinux-prosjektet som har koordinatorrollen for kontakt med presse.
Hei folkens, eg må berre kaste meg litt inn i debatten. Eg må seie eg er noko ueinig i den haldninga Knut har i denne tråden.
For det første synes eg det er heilt horribelt å møte nye folk på lista som har lyst til å gjere ein innsats med ei slik overkøyring som Knut gjer her. No verkar Birger såpass tjukkhuda at han toler dette, men eg hadde nok følt meg ganske avvist sjølv visst eg hadde blitt møtt på denne måten.
Når det gjeld dette med koordinering, særleg innan omsetjingsarbeidet, så er det vel at koordineringa er ganske mangelfull. Grunnen er at vi som jobbar med omsetjingsarbeidet stort sett jobbar med omsetjing og ikkje har noko interesse av å løfte blikket og sjå kva for omsetjingar det er mest trong for. Endå mindre å ta kontakt med presse for å promotere dei programma vi er ferdig med å omsetje.
Eg ynskjer difor Birger lykke til med arbeidet, og eg trur vi kan bli meir engasjert i omsetjingsarbeidet med ein som masar litt om kva som bør gjerast på e-postlista.
Helsing Håvard