Laurdag 31. juli 2004 16:03 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Eskild Hustvedt eskild@goldenfiles.com skreiv i innlegget news:410A3617.1090805@goldenfiles.com:
Litt vanskelig å lage nye Ordliste filer ettersom den ligger i html, prøvde å finne en måte å gjøre det automatisk på men fant ingenting (enda ivertfall).
Det ligg ei PO-fil av fellesordlista i CVS, men denne er visst noko utdatert. Bør kanskje fjernast? (Eller helst oppdaterast.)
PO-fila er generert slik, ved hjelp av skriptet ordliste2po.py i i18n/openoffice/utils:
sed 's/<br>//g' < Fellesordl.eng-no.html | sed 's/ / /g' | tidy -wrap 500 -latin1 -quiet -f | sed 's/^<!--.*//g' | python ordliste2po.py 2
Diverse påfunn i HTML-koden gjer at fila likevel må redigerast litt i etterkant. Ordlista bør heller liggja i XML-format, slik som land- og språklistene. Då kan HTML-filer, PO-filer og anna nyttig lagast mykje enklare. Eg har ikkje teke meg tid til å gjera det, mest fordi kryssreferansar og slikt vil ta litt tid å finna ut av. Nokon som kjenner XML og XSL betre enn eg kunne sikkert ha ordna det ganske kjapt. (Karl Ove?)
Det er trivielt å justera ordliste2po.py slik at me får ut ei nokolunde korrekt XML-fil som kan fiksast for hand etterpå.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes