[Eg sendte dette innlegget til 'nn'-lista, men fekk ikkje svar, so eg prøver her. Spørsmåla er heller ikkje nynorsk-spesifikke.]
Eg held no på å omsetja Tux Typing til nynorsk. Har nokre få spørsmål:
Kva skal eg omsetja 'level' til? Sjølv har eg alltid brukt uttrykket 'brett', men eg ser 'nivå' er brukt i 'kde-games'.
Spelet inneheld to variantar, 'Key Cascade' og 'Word Cascade'. I førstnemnte skal ein fanga bokstavar, og i sistnemnte ord. Kva skal me kalla dette på norsk? 'Bokstavtrening' og 'Ordtrening' går, men er ikkje altfor spennande. Litt meir direkte omsett kan me snakka om 'Ordfoss' eller 'Orddusj'. Synspunkt? Andre forslag?
Viss du slepp opp for ord, kjem meldinga 'OH NO!' opp på skjermen. Treng eit tilsvarande negativt imperativ på norsk. 'Å nei' blir litt tamt.
Skal tittelen på spelet, Tux Typing, omsetjast? Her varierer praksisen. For eksempel blir 'Solitaire' og 'Mine Sweeper' ofte omsett (i Windows til 'Kabal' og 'Minesveiper'). Sidan dette er eit spel som helst høyrer heime i barneskulen (grunnleggande tastaturtrening), trur eg eit norsk namn *kan* vera ein fordel. Synspunkt?