Måndag 8. juli 2002 10:30 skreiv Åsmund Skjæveland:
Det er på tide å planlegge neste Skolelinux-samling.
Eg skule gjerne hatt litt meir informasjon. Kva skjer der, og kor skjer det?
Det skjer mykje rart, litt avhengig av kven som dukkar opp, sjølvsagt. Ferske omsetjarar kan få innføring i CVS og KBabel. Kanskje me kan gjera ein innspurt på KOffice (versjon 1.2 kjem i august) eller endeleg få skikk på hjelpefilene til KDE. Først og framst er det viktig å bli kjende og kanskje få arbeidsoppgåver i Skulelinux. Det er både lettare og kjekkare å samlast ei helg enn å gjera slikt på e-post ;-)
Alle omsetjarar er velkomne, meld frå så snart du kan til e-postlista linuxiskolen@skolelinux.no om kva for dato som passar best: 2002-07-19 til 2002-07-21 2002-07-26 til 2002-07-28 2002-08-02 til 2002-08-04
Eg reknar med at endeleg dato vert avgjort nokså snart.
Samlinga vert sannsynlegvis på Holmlia ungdomsskole i Oslo. Reise og opphald vert dekka.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes