Måndag 29. juli 2002 23:35 skreiv Gaute Hvoslef Kvalnes:
I kveld har eg for første gong bygd OpenOffice.org med dei nye bokmålsomsetjingane. Eit par skjermbilete ligg på <URL: http://developer.skulelinux.no/~gautehk/ >. (Innimellom er det eit par svenske ord som ikkje skulle vore der. Eg veit ikkje kvifor, det er eit byggproblem. Skal sjå på det i morgon.)
I dag har eg blitt kvitt all svensken, og laga eit par nye skjermbilete frå bokmålsbygg 2 av OpenOffice.org. Dei ligg på same staden som sist.
Feilmeldingar er velkomne, men me ser stort sett feila sjølve òg. Det meste av teksten har me berre gått gjennom ein gong, og då hender det jo at me overser enkelte ting.
For dei teknisk interesserte: Denne gongen gjekk byggjinga unna på vel to og ein halv time, mot tidlegare seks og ein halv. Grunnen til det er «ccache», eit genialt verktøy for gjenbruk av objektfiler. Dei neste dagane vil bli brukte på å laga skikkelege Debian-pakkar og etter kvart overgang til OOo 1.0.1 (avhengig av når Woody-pakkane kjem).
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes