Hei
Eg jobbar med å få i stand eit system for oppdatering av omsetjingar i den gjeldande KDE-versjonen i skulelinux. Dette skal fungere frå og med denne versjonen av skulelinux. KDE vil vere på versjon 3.5.5 i skulelinux i lang tid framover, og då er det viktig å kunne oppdatere feil og manglar i omsetjinga i denne versjonen.
Måten vi gjer det på er som følger: All omsetjing av KDE vil framleis bli gjort på siste versjon av KDE (no er det 3.5.8). Desse omsetjingane finn ein i skuleinuxarkivet under trunk/i18n/kde. Omsetjingane for den versjonen som er i skulelinux finn ein under trunk/i18n/kde-current.
Når ein finn feil i brukargrensesnittet, så skal ein rette feilen i siste versjon (trunk/i18n/kde). Det blir laga eit backport-script som skal hente alle oppdateringar tilbake til kde-current. Viss strengen som skal rettast ikkje finst lenger i siste versjon, så er ein nøydd til å rette feilen direkte i kde-current.
Debian-edu vil så pakke nye språkpakkar for kde-i18n-3.5.5, og dei vil bli med neste gong serverane oppdaterer sine pakkar.
Dette sikrar at feilen blir retta i skulelinux, og at feilen blir retta i hovudarkivet til KDE.
Vedlagt ligg ein mail eg har sendt til debian-i18n for hjelp med backport-scriptet.
Helsing Håvard