su. den 10. 03. 2013 klokka 17.41 (+0100) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
Bør dette rettast til «sti» eller «stig»?
Persoleg ville eg fretrekke «sti», men det har vel med vane og dialekt å gjere --- trur eg.
Eg òg føretrekker «sti». «Stig» kan spesielt vera forvirrande når ordet står i bunden form. Før *måtte* me skriva «stig» i læreboknormalen, men etter 2012-reforma kan me skriva «sti».
Viss andre er einige, kan eg oppdatera dei språklege retningslinjene.
Det var ingen protestar, så no har eg oppdatert dei språklege retningslinjene, lagt til ein sjekk i det automatiske korrektur- lesingsskriptet vårt og gått manuelt gjennom alle KDE-tekstar som har «stig» i seg (det var mange!) og endra det til «sti» (når det ikkje var snakk om stigar til å klatra i, eller noko som stig opp, sjølvsagt).