Petter Reinholdtsen skreiv 09.07.2022 10:38:
[Karl Ove Hufthammer]
Hm. Eg har prøvd, for «anonym» tilgang:
svn co svn://svn.skolelinux.no/repos/skolelinux/trunk/
Og då får eg feilmelding om at ‘No repository found’.
Ser ut som feil URL. Forsøk
svn co svn://svn.skolelinux.no/skolelinux/trunk/
Ja, den fungerte!
Då får eg spørsmål om passord. Har prøvd med dei to passorda eg har notert for skolelinux.no før, men ingen av dei fungerte. Har òg gravd fram nokre gamle SSH-nøklar eg brukte før, men det hjelpte heller ikkje.
Så kva gjer eg no?
Det enkleste er antagelig å legge inn en ny nøkkel i ~huftis/.ssh/authorized_keys. Hvis du sender meg en slik kan jeg fikse.
Gjort, og Reinholdtsen har ordna tilgang til meg igjen. Så no kan eg henta ut SVN-depotet. Har ingen umiddelbare planar om å gjera så mykje med det, men om me ein gong vil flytta fellesordlista, dei språklege retningslinjene osv. til eit meir moderne versjonskontrollsystem, som Git, for eksempel på GitLab, er det iallfall mogleg utan å mista historikken. Og der kan me gjerne ha skikkelege/oppdaterte nettsider om omsettingsprosjekta.
Kan jo òg vurdera å gjera ordlista om til eit maskinlesbart format med meir moderne presentasjon. Eg synest for eksempel https://matematikkradet.no/ordliste/ fungerer ganske bra.