Petter Reinholdtsen via l10n-no skreiv 23.09.2026 22:47:
[Karl Ove Hufthammer]
No har er endeleg fått prøvd å snikra saman nokre testvideoar (med vekt på /test/): https://huftis.org/kritikk/omsetjingsvideoar/
Ser ut til å ikke være tilgjengelig når en kommer via Tor.
Det er inga teknisk sperre frå mi side, iallfall; det er berre ei vanleg nettside.
Den langsiktige planen er å ha ei side påhttps://l10n.no/ der ein kan sjå (dei framtidige) videoane. Det er vel ikkje så lurt å ha videofiler i Git, så dei bør vel teknisk sett ligga ein annan plass. Er det kanskje ein PeerTube-instans som kan passa?
Kanskje <URL:https://peertube.debian.social/ > kan brukes?
Denne trur eg er for knytt til Debian. Det er heller ikkje mogleg å registrera seg («sign-up is currently disabled»).
Men eg lurer på om det er like greitt å berre ha det som vanlege videofiler på ei nettside. Den innebygde videospelaren i ulike nettlesarar ser jo ut til å fungera heilt fint (etter at eg endra kodingsformat på videofilene). Og lastar ein opp på PeerTube (eller YouTube eller liknande), vil, så vidt eg kan sjå, videofilene automatisk verta rekoda, noko som fører til ein del lågare biletkvalitet.