Harald Ljøen wrote:
Oddmund Åvik:
Det er kanskje fordi eg er vestlending at eg får heilt feil assosiasjonar til "verktykasse". Då trur eg det gjeld grovverkty, slikt som t.d. røyrleggarar og mekanikarar brukar. Vi dreiv mykje med måling og teikning i mine unge dagar, og vi kalla alltid den "kassen" vi hadde målar- og teiknesaker i for "skrin", men det kan jo vera ein annan tradisjon hos dykk austlendingar.
Jeg er vestlending, og for meg er skrin noe man har smykker, glansbilder og sysaker i. Verktøy og sigarer oppbevares i kasser.
- Harald
I GIMP ser det ut til at verktøykassa blir innført sidan dette ordet er brukt også av andre program, sjølv om eg nok ut frå mine førestillingar heller ville ha brukt verktøyskrin. Kva er eigentleg skilnaden? Eg har skrin som er større enn kasser, og kister som er mindre enn skrin. Det kan altså ikkje vere storleiken som bestemmer namnet. Har det noe med bruksmåten/-området eller utsjånaden å gjere? Er skilnadane geografisk bestemte, som Oddmund er inne på, yrkesbestemt eller ligg det andre årsakar bak? Kanskje har ein eller annan noen forklaringar på ordbruken og skilnadane mellom dei ulike formane for "boksar". Kolbjørn
i18n-no mailing list i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no