On Tuesday 04 November 2008 15:07:58 Lars Ivar Igesund wrote:
Greit nok. No har det seg slik at der er litt bevegelse i Kubuntu-leiren for å få gjort noko med problemet,
Dersom du blir lei av å vente på Kubuntu, har eg eit tips. Men fyrst litt om mi historie. Eg brukte i mange år Debian, og var stort sett nøgd med det, men for eit par år sidan gjekk eg over til Ubuntu for å sleppe å vente så ulideleg lenge på nye stabile versjonar. Eg anar ikkje kor mange timar eg har brukt på å få Debian testing opp att etter ei større oppgradering, men det er ikkje få. I byrjinga køyrde eg Ubuntu på engelsk, slik eg alltid hadde gjort med Debian, så eg var godt nøgd.
Så ein dag mota eg meg opp og prøvde å bruke nynorsk. Det var ei blanda oppleving. Om eg ikkje tek mykje feil, er Gnome mindre og dårlegare omsett enn KDE, så Ubuntu skal ikkje ha all skuld for det. Men mellom anna av desse grunnane bestemte eg meg for å gå over til KDE på ein ikkje-Ubuntu-basert distro. Problemet var berre at dei leiande KDE-distroane, OpenSUSE og Mandriva var RPM-baserte system, og eg ville helst halde meg til Debian-baserte system, slik eg har gjort sidan eg byrja å bruke Linux i 1999. GVVV. Og dei leiande Debian-baserte distroane, bortsett frå Debian sjølv, var Ubuntu-familien.
Løyinga på problemet? For ei knapp veke sidan installerte eg Sidux. Sidux er ein Debian Sid-basert distro med KDE som standard. Eller eigenleg er det rettare å seie at Sidux _er_ Debian Sid, berre med nokre ekstra pakker og verktøy for å gjere det mindre risikabelt å køyre Debian unstable. Eg har ikkje så lang røynsle at eg kan kalle det ei varm tilråding, men eg er positiv så langt. Einaste skåret i gleda er at Sid(ux) brukar KDE 3.5, og eg er spent på å prøve KDE 4.1. Så om eg ikkje skal hente 4.1 frå Debian experimental, noko eg trur burde fungere fint, så må eg vente nokre månader til. Vi får sjå kva eg gjer.
Honnør til alle de som har vore med og omsett KDE til nynorsk, det er ei sann frygd å bruke!
Erik