On Fri, 2005-01-21 at 14:34 +0100, Axel Bojer wrote:
lørdag 15. januar 2005, 02:56, skrev Kjetil Torgrim Homme:
On Fri, 2005-01-14 at 14:49 +0100, Axel Bojer wrote:
- Vi har altså:
enitet (Bl.a. Karl Ove) subjekt (bl.a Herman?) sertifikateier/bruker/innehaver (Axel)
"entitet" er rett. ferdig med det.
Fordi?
argumentet mot "entitet" verkar å vere at det er eit framandord, men av og til må framandord til. dette er uansett rimeleg tekniske greier, ting som folk ikkje får sjå med mindre dei trykkjer på "vis avanserte tekniske detaljar"-knappen.
"subjekt" synest eg ikkje høver. både Bokmåls- og Nynorskordboka har rekkefylgja:
subjekt n3 (fra lat., av subjicere, eg 'det som ligger til grunn') 1. filos: det erkjennende jeg, mots objekt (1) 2. gramm: setningsledd som predikatet sier noe om, og som betegner det som er el. gjør noe i aktive setninger, og det som handlingen rettes mot i passive setninger 'mannen' er s- i 'mannen kjører bil' og 'bilen' er s- i 'bilen ble kjørt av mannen' 3. mindreverdig person disse s-ene som henger rundt jernbanestasjonen .
sjølv ville eg rekne tyding 2 som vanlegast, men eg manglar kanskje kontakt med folket :-). uansett er vi eit stykke unna
1. sub.ject 's*b-jikt\ n 1: one that is placed under authority or control : as 1a: VASSAL 1b1: one subject to a monarch and governed by his law 1b2: one who lives in the territory of, enjoys the protection of, and owesallegiance to a sovereign power or state
som er litt lettare å overføre til tydinga vi snakkar om, ein entitet som er sertifisert til å ha visse eigenskapar.
"sertifikateigar" vert også feil. eit typisk døme er eit sertifikat for www.paypal.com. eg synest det vert rart å kalle dette ein eigar. eigaren av sertikatet (og det sertifiserte) må vel vere eBay, Inc.?
"sertifisert til" kan brukast i omskrivingar, men eignar seg ikkje som ein frittståande merkelapp. _entiteten_ er sertifisert til å heite _namn_. du kan ikkje seie at _namn_ sertifiserer sertifikatet, som er det du får om du snur forholdet på hovudet:
Sertifisert til: www.paypal.com
det overståande er i grunnen så fleirtydig at eg får hovudverk når eg prøver å tenkje på det.