No meiner eg det er kome ei ny tid i omsetjingsmiljøet. Eg har nett brukt Gemini 3 i aistudio.google.com for å omsetja po-filer til spelet Widelands til nynorsk, og eg er mektig imponert over kvaliteten, med tanke på både kode og språk. No fekk eg gjort heile omsetjinga på eit par dagar, i tide før versjon 1.3 kjem no før jul.
Eg prøvde å laga eit Python-skript som brukte polib til å lesa po-filene og omsetja kvar streng. Prøvde å bruka avkopla-modellar frå ollama som gemma3:27b og qwen2.5:72b, men det var mykje, mykje raskare å berre kopiera og lima inn i chaten i aistudio. Eg tok 1000 liner frå po-fila om gongen, og det tok eit par minutt, så kom koden tilbake, perfekt omsett og koda. Det var berre å lima rett over det eg hadde kopiert. Eg skumma over resultatet med versjonskontroll i VS Code, og det var berre heilt mot slutten av den siste fila at han byrja å rota litt. Då bytta eg til ein ny samtale, fekk den gamle samtalen til å laga ein fin instruksjon med nokre tips til ord som han hadde brukt, og så var eg i gang igjen. Så å ikkje gjera heile prosessen heilt automatisk er nok lurt for å ha ein viss kontroll, i det minste éi hand på rattet, eller eit par fingrar, kanskje.
Eg har ikkje drive noko særleg med omsetjing før, så eg anar ikkje kva verkty som vert brukt. Widelands nyttar Transifex, og der fekk eg lasta ned po-filer til fråkopla omsetjing. Eg er ivrig etter å nytta dei metodane me har til rådvelde. Inntrykket mitt er at omsetjing er enormt tidkrevjande for små språk som nynorsk og bokmål, sidan det ikkje er særleg mange som har tid og lyst til å bidra. Så då vert ting ståande halvvegs omsett i årevis, som i apt. Eg meiner det er betre med eit maskin-omsett program enn eit ikkje-omsett.
Eg går og funderer på å be LineageOS om å opna opp for nynorsk i deira grein av Android Open Source Project (AOSP), slik at det faktisk vil vera mogleg å ha ein telefon på nynorsk. Men eg har ikkje tenkt å omsetja streng for streng, så eg må finna ut om det går an å få hjelp av språkmodellar til å gjera jobben for meg.
Dette må folk ha diskutert mykje alt, men kva meiner de?
Helsing, Ola Haugen Havrevoll