Hva med "belte" istedenfor band/bånd, kan alle eventuelt enes om det? Jeg synes også liste blir helt feil, for det er ingen liste, de er ikke organisert på en måte som ligner en liste (annet enn muligens i den kompakte utføringen). Her må det kunne tenkes litt bokstavelig og litt overført betydning, jamfør både beltevogn, bilbelte og bibelbelte :-)
Den 22.01.2019 22:27, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Leif Halvard Silli skreiv 21.01.2019 22:46:
Grunngjeving og andre kommentarar:
* Ein av tankane mine ovanfor er å nytta 'verktøy' når det er snakk om 'groups'. Og 'verktøylinje' når det er snakk om 'enkel' eller 'kompakt' løysing.
Merknad: 'Contextual groups' og 'Tabbed' er av utsjånad litt like einannan: Den fyrste har 'fanetittelen' under 'verktøylista' medan 'Tabbed' har 'fanetittelen' over 'verktøylista. Rett nok femner den temaordna løysinga, for kvart tema, litt vidare enn kva kvar enkelt fane gjer. Når det på engelsk står 'contextual' så meiner dei etter mitt syn 'tematisk' her - for det er ikkje mykje 'dynamikk' i 'contextual groups'-valet, sjå nedanfor.
Det stemmer ikkje. Det er nettopp det at «Contextual groups» er kontekstavhengig/dynamisk som er hovudpoenget med dei (pluss at dei skal vera brukarvennlege og alt det der). Dei tilpassar seg arbeidet brukaren gjer.
*Alle* dei seks nye nye variantane er temaorda (dvs. at verktøya er grupperte i tema), så eg synest ikkje det passar å kalla berre to av dei «temaordna».
*
*Noteblockbar vs "contextual groups"* - eit atterhald: Ikkje heilt klårt for meg i kva grad dette er meint som synonyme uttrykk, meir eller mindre?
Reknar med du meiner «Notebookbar». Nei, dei er ikkje synonyme. Notebookbar er den nye «flata» der ein eksperimenterer med ulike måtar å gje tilgang til verktøya i LibreOffice på. Til no er det laga seks slike eksperimentelle brukargrensesnitt, og «contextual groups» er eitt av dei. Det kan vera at det kjem større eller mindre endringar i utforminga framover, og det er godt mogleg at éin eller fleire av dei seks variantane vil bli fjerna.
*
*Noteblockbar*: Fyrst tenkte eg at 'notebook' var ein referanse til kontekstualiteten - at det var ein palett av verktøy til å notera med ... Men etter å ha sett litt på koss det ser ut, så er det gjerne sjølve utsjånaden - dei parallelle verktylistene - som, utsjånadmessig, minner om notatblokker/gule lappar attmed einannan? (Ikkje 'notisblokker', som det no står.)
Nei, det er berre ein namn på den nye flata som ein kan laga verktøytilgang på. Ei tom flate, eller lerret, om du vil, der designarane kan boltra seg på.
*
*Band*: Eg ser ikkje at dei nye kontekstuelle verktøysamlingane liknar på 'band'.
I motsetning til linjer, som er tynne (éi rad med knappar), er dei breie, altså som band. Det er òg band/«bånd» Microsoft kallar tilsvarande funksjonalitet: https://support.office.com/nb-no/article/det-nye-utseendet-til-office-a6cdf1...