"Jon Grepstad" GREPSTAD@sprakrad.no writes:
Sjølv brukar eg e-infinitiv (bakgrunn frå Gudbrandsdalen og med foreldre frå Sunnfjord, og med elles eit omflakkande liv bak meg), men det viktigaste er at det er konsekvens innanfor eitt og same program. Eg synest godt somme program kan ha e-infinitiv, andre a- infinitiv.
Det er greit i prinsippet, men bruken av bibliotek gjer dette vanskeleg. Viss libc har a-infinitiv, er det i praksis ikkje mogleg å ha 100% konsekvent e-infinitiv i noko program.
Elles ser eg at www.nynorsk.org i sine skrivereglar, har ført opp a-infinitiv, jf. http://www.nynorsk.org/anp/ymse.html
Det var eit greit utgangspunkt.
Kjetil T.