Kan omfang være et passende ord å bruke her (enten alene eller sammensatt til f.eks. omfangsgruppe)?
Problemet blir non-capturing group der det ikke klinger helt bra med ikke-fangende omfangsgruppe - men kanskje "ikke-fangende gruppe" kan brukes der?
Den 22.01.2019 22:08, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Hei!
Eg set om nokre tekstar som har med regulære uttrykk (regexp) å gjera. Og der dukkar uttrykket «capture groups» opp og valdar meg litt bry. Kva skal me kalla dette på norsk?
Her er ei kort forklaring på kva «capture groups» går ut på: https://regexone.com/lesson/capturing_groups
Og her er ein lengre video som forklarar korleis ein brukar dei: https://www.youtube.com/watch?v=c9HbsUSWilw
Eg treng ikkje berre ei OK omsetting av omgrepet; omsettinga må òg fungera i visse formuleringar. Heilt konkret er det desse tekstane som treng omsetting:
Regular expression capture 0 (whole match) Regular expression capture 1-9 Regular expression capture 0-999 Upper-cased capture 0-9 Upper-cased capture 0-999 Lower-cased capture 0-9 Lower-cased capture 0-999
Forslag?