* Karl Ove Hufthammer:
Forslag til omsetting av ordet «checkpoint» i spelsamanheng? Eg held på å omsetta SuperTux, og der finn me «checkpoints», med forklaringa:
#Activate the checkpoint. As long as you have at least 25 coins you will spawn beneath it if you die.
Førebels har eg prøvd meg med «lagringspunkt», men er ikkje heilt fornøgd.
"Sjekkpunkt" er mykje brukt (25000 treff på Google). "Post" er vel og ofte brukt. I SuperTux er ein post markert med ei bjelle, så kvifor ikkje skriva om litt? "Ring med [eller aktiver] bjella på posten. Har du minst 25 myntar vil du gjenoppstå på posten om du døyr."
Kult at du set om SuperTux. Hjå oss var heile familien hekta på dette spelet i vinter, treåringen er det framleis.
Erik