Sigurd Gartmann sigurd-i18n-no@brogar.org skreiv i innlegget news:1097222979.3928.6.camel@steinen.brogar.org:
Hæ? Var me ikkje einige om at eit Word Processing Program var eit «tekstbehandlingsprogram», mens me med eit «skriveprogram» meinte sokalla Text Editors -- Kwrite, Kate, Vim o.l.
Hva er egentlig forskjellen mellom et «Word Processing Program» og en «Text Editor»? At den ene varianten er bedre egnet for utskrift på papir? At den ene varianten prosesserer ord? Jeg er redd jeg ikke har skjønt hva en «Word Processor» er for noe, og trenger noen til å komme med et eksempel på et sånt program.
Ein tekstbehandlingsprogram er eit program for handtering av *tekstar*. Typisk har du funksjonar for formatering av tekst, eks. halvfeit skrift, kursivering, margar, samt støtte for overskrifter, tabellar, fotnotar, innhaldslister, stavekontroll. Tekstbehandlingsprogram er WYSIWYG-program (What You See Is What You Get). Eksempel er KWord, AbiWord, OpenOffice.org Writer, Microsoft Word. Filene blir lagra i eit format som tek vare på denne formatering.
Eit skriveprogram er eit program for redigering av tekst utan formatering. Du kan verken kursivera eller gjera orda halvfeite, endra margar, fargar eller noko sånt. Spalter, tabellar eller liknande er ikkje støtta. Filene vert lagra (og handtert) som ei rekkje bokstavar/teikn etter kvarandre (+linjeskift).
Skriveprogram vert hovudsaklig brukt til programmering, HTML- redigering og kanskje veldig enkle notat. Dei meir avanserte har funksjonar som støttar opp om dette, som syntaksbasert fargelegging, autofullføring av funksjonsnamn ved programmering og innrykkshandtering.
Hvis Kwrite, Kate, Vim, Abiword, Gedit og Emacs er skriveprogram, hvilke program er da tekstbehandlingsprogram,
AbiWord er eit tekstbehandlingsprogram. Emacs kan ein kanskje seia er ein diger programpakke med mykje rart (inkludert datapsykolog og spelet Tetris).
Kort oppsummert:
Forfattarar brukar tekstbehandlingsprogram; programmerarar brukar skriveprogram.