On Tue, 2007-11-06 at 14:18 +0100, Karl Ove Hufthammer wrote:
Knut Yrvin:
Nei, ikke i dag. ÷ blir brukt som deletegn i Norge. Tegnet - blir brukt som minus i Norge.
Det må i so fall vera av amatørmessige Word-brukarar. Teiknet «-» er ikkje eit minusteikn på norsk; det er «−» (U+2212) som er minusteikn, og det me bør bruka i omsettingane våre.
Me har diskutert deleteikn før. For GCompris endte eg opp med «+–·:» for dei fire rekneartane. Grunnen til at eg brukte «–» (U+2013) i staden for «−» (U+2212), var at eg ikkje var sikker på om «−» alltid var tilgjengelig i skriftene som vart brukt av GCompris (kva skrifta som vert brukt no er endra, trur eg), og at i den samanhengen teiknet vart brukt, gjorde det ikkje mykje om me brukte U+2013 i staden for U+2212.
ein må sjå an samanhengen. i tekstar er dette greit, men bruk av dette teiknet gjer det vanskelegare å lime inn resultat i andre samanhengar, som t.d. rekneark. jf:
$ expr 5 − 6 expr: syntax error $ perl -ne 'print 5 − 6' Unrecognized character \xE2 at -e line 1.