Hei!
Bra innlegg! Eg er heilt einig i dette, og mållaget si slappe tilnærming er ein av grunnane til at eg melde meg ut for lengst. Men no er eg berre ein fyr som bidreg litt til nynorsk omsetting her og der.
Ja, det er for meg også heilt utruleg at programvare som «alle» brukar i kvardagen endå ikkje er omsett til nynorsk. (Eller rettare sagt, det er utruleg at dette ikkje er eit krav frå statleg hald). Eg veit ikkje om Google godtek omsettingar gjort av frivillige. Eg gjorde eit kjapt søk, men fann ikkje noko om dette. Android er jo bygd opp av både open kjeldekode frå «Android Open Source Project» («AOSP»), samt Google sine proprietære løysingar (dette gjeld for så vidt også Chrome). Når det gjeld iOS veit eg at Apple berre godtek omsettingar frå profesjonelle omsettingsbyrå; i tillegg har dei fulltidstilsette «lokaliseringstestarar» som arbeider frå Irland, som testar bokmålsomsettingane for kvar oppdatering. Eg trur det er urealistisk å vente at Apple sjølv skal ta initiativ til å omsette produkta sine til nynorsk. Her er det nok berre staten som kan tvinge dette fram gjennom lovverket, og mållaget bør sjølvsagt gjere sitt til å legge press på regjeringa.
Når det gjeld NRK-artikkelen, er det synd at dei ikkje har fått til å bruke Microsoft Office på nynorsk. Windows 10/11 kjem jo med støtte for nynorsk, og etter mi erfaring er ein god del omsett (dei er litt lite konsekvente i omsettinga, men det får vere). Det tragiske er at nynorsk ikkje er eit val ved installering av Windows, og at ein må laste ned ein separat språkpakke etter installering. Derfor trur eg det er mange som set opp Windows-maskiner som ikkje veit om at Windows faktisk har ei nynorskutgåve! Dersom nynorsk er slått på ved installering av Microsoft Office, vert også nynorskutgåva av Office automatisk slått på, med tilhøyrande nynorsk rettskriving. Eg tenker å skrive ein e-post til Naustdal skule, med instruksjonar om oppsett, i tilfelle dei ikkje veit om dette. (Men eg får ein litt ekkel smak i munnen av dette, sidan det ideelle er om dei brukar Libreoffice på nynorsk).
Øystein
------- Original Message -------
On Wednesday, February 9th, 2022 at 08:04, Eivind Ødegård eivind.odegard@sogn.no wrote:
Gode gamle kjende på l10n-no,
Eg har ikkje vore på denne lista sidan ho var på ping.uio.no, og det tek
til å bli ei stund sidan. Eg måtte dermed oppdaga at det var Karl Ove
som dreiv lista vidare på eige initiativ. Til det må eg seia takk og bra
gjort.
LItt presentasjon fyrst: Eg har tidlegare omsett ganske store delar av
Wordpress til nynorsk, og har vore bortpå ein del anna omsetjingsarbeid
òg. Eg er lærar, musikar, lydbokforleggjar og mållagsmedlem, mellom anna.
I eigenskap av mållagsmedlem har eg skrive eit par debattinnlegg til
Noregs mållag om kva aktivitetar dei driv med, og kva dei etter mitt syn
bør drive med. Omsetjarmiljøa for fri programvare til norsk, samiske
språk og kvensk er, som denne lista viser, nokså små. I tillegg blir
mest alt av slikt omsetjingsarbeid gjort på friviljug basis. Det er
sjølvsagt bra, men òg sårbart. Me gjer arbeid som er til nytte for eit
nokså stort tal brukarar, og som kan ramle i hop dersom ein eller to
enkeltpersonar ikkje gjer det. Alle her veit at det er i skøyraste laget.
Eg ynskjer difor at mållaget, som er ein høvesvis stor organisasjon og
den einaste store på feltet, omsider skal gjera noko konkret for at det
skal finnast fyrst og fremst nynorsk der me treng han. Difor har eg
prøvd å masa på dei nokre gonger, og siste forsøk ligg på nettsida mi
[1] og er sendt til mållaget sentralt og alle landsdelslaga. Det har
vore litt respons så langt, men ingenting frå sentralleddet. Eg skriv
her for å informere dykk om kva eg har gjort, og tek sjølvsagt imot
eventuelle innspel.
Beste helsing og alt godt
Eivind Ødegård
[1] [https://dvergam%C3%A5l.no/nytt/2022-innlegg-om-mallaget/%5D(https://xn--dver...)
E-postlista l10n-no