On Fri, 2005-01-07 at 19:57 +0100, Håvard Korsvoll wrote:
Er det nokon som har forslag til uttrykket «cue file». Eg er ikkje heilt sikker på kva det er, men eg trur det er ei fil som inneheld informasjon om ein CD som skal brennast.
namnet er nok primært henta frå filendinga .CUE, så eg er ikkje sikker på om det er lurt å prøve å omsetje det.
eit "cue" er jo eit signal til ein skodespelar om at no skal vedkomande inn eller kome med ein replikk. det er også eit verb brukt av lydteknikkarar, "cue track 1", som tyder skru på lyden på spor 1. sistnemnte trur eg vert omsett med "køyr" på norsk, jf. ordren "køyr VB" som tyder gå over frå live-kamera til opptak på videoband.
eg foreslår altså at du skriv "CUE-fil" på norsk.