Har eit forslag til ny oppføring i fellesordlista:
Fediverse (The) → Allheimen
Eg synest det er eit ganske stilig ord, der meininga kjem godt fram. Og ordet er allereie mykje brukt. Her er ei forklaring på Wikipedia:
https://no.wikipedia.org/wiki/F%C3%B8diverset
To andre aktuelle artiklar:
https://www.forskerforum.no/har-vi-na-sjansen-til-a-fa-tilbake-kontrollen-ov... https://tanketom.no/teknologi/mastodon-og-the-fediverse
Ei anna omsetjing, og som er oppslagsordet på Wikipedia, er Fødiverset. Det slektar på ord som «føderasjon» og «føderativ», og det har den fordelen at det liknar meir på det engelske originalordet. Men er mykje mindre stemningsfullt. :) Me kan kanskje ha det med som alternativ omsetjing, på plass to? Varianten Fediverset og skrivemåtar med liten f har eg òg sett.
Både skrivemåten Allheimen og allheimen er mykje brukt. Eg tilrår Allheimen, dvs. at me behandlar det som eit særnamn, akkurat som Internett.
Når det gjeld verbet «federate», adjektivet «federated» og verbalsubstantivet «federation», kan me bruka «å føderera», «føderert» og «føderering» på norsk. Men ein kan med fordel omskriva, med ord som «binda saman»/«bunden saman», «kopla saman», «snakka saman» eller «samarbeid(a)». Eksempelvis har eg omsett
Lemmy is federated, so you can interact with everything that you see on lemmy.ml, even if you are registered on another instance.
til
Lemmy-instansane snakkar saman, så du kan fullverdig delta med alt på lemmy.ml sjølv om du er registrert på ein annan instans.
(Er ikkje heilt fornøgd med formuleringa «delta med alt på», men det er ei anna sak.)
Synspunkt på noko av dette?