Axel Bojer wrote:
http://en.wikipedia.org/wiki/Metric_typographic_units antyder at dette dreier seg om måleenheter for skrifter ...
Nei, det stemmer ikkje. Font metrics er informasjon om ein font, det vil seia breidda på kvar glyff, kerning og sånt.
Skrifta Arial har for eksempel nøyaktig same «font metrics» som Helvetica, sjølv om glyffane er ganske forskjellige. Det same gjeld Thorndale (brukt i OOo) og Times New Roman. Fordelen er at éi skrift kan byttast ut med den andre utan å endra linjelenger, orddeling e.l.
Eg kan ikkje komma på eit godt ord i farten. Men det bør gjerne innehelda «mål»? Og bør ikkje kunna forvekslast med «mål» i tydinga engelsk «target».
Men hva skulle et skriftmål i den betydningen være? Gir det mening? Skrifttype-måleneheter blir håpløst tungt.
Og feil. «Måleenheter» har ingenting med «font metrics» å gjera.
Eg trur det beste me kan gjera kanskje er «skriftmetrikk». Det er openbart forståelig for dei som kjenner det engelske ordet kva det er snakk om.
I kva samanheng vert forresten brukt i brukarprogrammet?
Hva med: skrifttypemål? måleenhet for skrifttyper?
Kva meiner de med «skrifttype» i omsettingane? Font eller fontfamilie?
font. Men jeg ser poenget, man kunne bruke «skrift» og «skrifttype» til dette skillet. Er det ønskelig folkens?
Me var vel einige om å alltid bruka «skrift» i vanlige brukarprogram, og kutta ut «skrifttype» heilt?
For øvrig, når det er spesielt snakk om éin spesiell font («Arial kursiv»), bør me bruka «skriftsnitt». Når det er snakk skrifta generelt («Arial»), bør me bruka «skrift». «Font» bør ikkje brukast.