Den 08.05.2012 13:37, skreiv Sigmund Hansen:
Den 08.05.2012 13:29, skrev Åsmund Skjæveland:
Eg strevar med ordet "item" i Nautilus. Det vert brukt i staden for "file", t.d. "Move item to trash", "Rename item" etc. Er det nokon grunn til å ikkje omsetja det til "fil"? Eg kjem ikkje på nokon andre alternativ. Eg har forsøkt meg med "element"/"oppføring", men det vert frykteleg krøkkete.
Grunnen er vel at det kan være en fil eller en mappe. Mange filsystemer definerer disse som to forskjellige ting, som blant annet er grunnen til at det er to forskjellige programmer for å slette filer og mapper (rmdir vs. rm, selv om rm kan brukes til begge). Er «element» virkelig så ille?
Vh. Sigmund
Om det står «Flytt fila til søppelkorga» er det vel ikkje så uforståeleg om denne handlinga også gjeld ei mappe? Utan at eg kan kome på noen eksempel akkurat nå, så har eg opplevd at ein kommando med fil i seg gjerne også gjeld for mapper. Dersom det er svært viktig å kunne fortelje at kommandoen gjeld begge, er det kansje ei løysing å skrive «Flytt fila/mappa til søppelkorga». Dersom det ikkje kan misforståast, kunne ein kanskje sløyfe kva det er som skal flyttast, og bare skrive «Flytt til søppelkorga»? Mange av menyane i Windows gjer det på den måten. T.d. i filutforskaren. Kva som blir «Klipp ut» eller «Send til» o.l. er avhengig av kva som er markert når kommandoen blir brukt.
Helsing Kolbjørn