Fredag 16. oktober 2009 skreiv Åsmund Skjæveland:
ukjend ukjend adj -nt [-nd], -nde [ukjent a2]
Eg klarar ikkje å tolka desse klammene, er det «ukjend» eller «ukjent» som er hovudform?
Klammer viser alltid til klammeformer. Det er spesielt nyttig å hugsa på når du har ord som finst som både klammeformer og hovudformer, men i ulike tydingar, som for eksempel dei 4–5 orda «merkje» og «merke».
For øvrig vil eg anbefala deg å bruka programmet «ordbanken» når du lurer på bøying av ord:
http://huftis.org/artiklar/ordbanken/
Her er resultatet for «ukjend»:
ukjend [ukjendare] adj komp klammeform ukjend [ukjende] adj pos bu eint klammeform ukjend [ukjende] adj pos fl klammeform ukjend [ukjend] adj pos m/f ub eint klammeform ukjend [ukjend] adj pos nøyt ub eint klammeform ukjend [ukjendaste] adj sup bu klammeform ukjend [ukjendast] adj sup ub klammeform ukjend ukjende adj pos fl ukjend ukjende adj pos bu eint ukjend ukjend adj pos m/f ub eint ukjend ukjent adj pos nøyt ub eint
Det heiter altso «ukjend» i eintal, med unntak for inkjekjønn, der det heiter «ukjent». I fleirtal vert det «ukjende», uavhengig av kjønn.