Karl Ove Hufthammer skreiv 03.04.2020 22:26:
Johnny A. Solbu skreiv 03.04.2020 21:33:
Man kan spørre om det går an å ha en spesifik diskusjonsliste som skal stå på nettsiden, óg bruke en helt annen dedikert robot-liste som robotmeldinger skal gå til.
Eg skal forhøyra meg med personen som er ansvarleg for TP-roboten.
Det var mogleg å få til. Eg har derfor oppretta e-postlista l10n-no-robot@lister.huftis.org for dette. Påmelding på http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-robot-huftis.org.
Denne nye lista er altså *ikkje* ei diskusjonsliste, berre ei liste ein melder seg på dersom ein vil ha automatiserte e-postar kvar gong det finst ei ny eller oppdatert omsetjingsfil frå Translation Project (ev. òg andre prosjekt i framtida).
Du er altså i målgruppa for lista berre viss du arbeider med omsetjing av program som vert organisert gjennom Translation Project (det er for tida desse programma: https://translationproject.org/domain/index.html) eller du *ønskjer* å arbeida med omsetjing av slike program i framtida. Men lista er sjølvsagt open for alle. :)