Tysdag 10. september 2002 18:09 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Eg har problem med å setta om nokre omgrep:
flat (musikkterm) På norsk brukar me ikkje dette ordet. «C flat» blir «cess», «D flat» «dess» og «E flat» «ess». Men eg *treng* ei omsetting av berre «flat».
sharp Tilsvarande (eks. «C sharp» blir til «ciss»)
Me brukar òg «kryss» og «b». «C flat» er «b for C» (eller «H», forresten), medan «C sharp» er «kryss for C».
quarter rest Òg eit musikkuttrykk. Nokon som veit kva det heiter?
Fjerdedelspause?
A White Star Petunia (ein blom)
Pass, me lærte aldri om slikt i skulekorpset ;-)
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes