On 14 Aug 01, at 7:07, Kjetil Torgrim Homme wrote:
"Jon Grepstad" GREPSTAD@sprakrad.no writes:
Sjølv brukar eg e-infinitiv (bakgrunn frå Gudbrandsdalen og med foreldre frå Sunnfjord, og med elles eit omflakkande liv bak meg), men det viktigaste er at det er konsekvens innanfor eitt og same program. Eg synest godt somme program kan ha e-infinitiv, andre a- infinitiv.
Det er greit i prinsippet, men bruken av bibliotek gjer dette vanskeleg. Viss libc har a-infinitiv, er det i praksis ikkje mogleg å ha 100% konsekvent e-infinitiv i noko program.
Eg veit ikkje kva libc er, men rekna med at slike situasjonar kunne oppstå. Eg kjenner det same eller liknande situasjonar frå MS Windows. Litt inkonsekvens gjer ikkje så mykje. Skal ein velje mellom a- og e-infinitiv, ville eg sjølv har valt a-infinitiv fordi a-infinitiv vel er noko meir vanleg i dei nynorske kjerneområda enn e-infinitiv.
Jon Grepstad