Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com writes:
Fredag 31. august 2001 02:26 skreiv Roy-Magne Mo:
Hadde det ikkje vore betre å bruke handsamar?
Jau, det kan godt henda. Eg har vakla litt fram og tilbake og kome til at ord som t.d. 'tekstbehandling' er nokså innarbeidde.
Det er sjølvsagt betre å skrive "handsaming" i staden for "behandling", generelt sett, men eg synest "teksthandsamar" vert litt kunstig sidan folk flest seier "tekstbehandlar". Finnest det ikkje eit alternativt ord for slike program?
'Handtering' er kanskje og eit godt ord i nokre tilfelle. Eg veit 'vindaugshandterar' er brukt på svensk (med svensk skrivemåte, sjølvsagt) for 'window manager'.
"Vindushandterar" er eit godt ord, presist og skildrande, men litt langt. På UiO er ordet "vindussjef" ganske godt innarbeidd. Eit anna ord eg har sett mykje brukt (ofte litt humoristisk) er "glasmeister". Ein novise vil neppe forstå kva ein Window Manager er for noko, så her stiller vi relativt fritt mht. til å etablere nyord.
Kjetil T.