Axel Bojer axelb@start.no skreiv i innlegget OL:news:OFCA584E87.495CAAB2-ONC1256C00.003A92C1@akershus-f.kommun e.no:#
Gaute, Tonje og Axel har sett på dette.
Jeg har sendt inn en oppdatering med noen små språklige endringer (stavefeil mest). Det ble konflikt, som jeg nå har rettet. Beklager det, håper alt er i orden nå ... ;-)
Det var det ikkje. Du hadde brukt eit HTML-redigeringsprogram som hadde omforma *heile* dokumentet, inkludert bytta DOCTYPE-deklarasjon og fjerna stilreglar. *Alle* linjene var endra! Eg måtte gå tilbake til førre versjon (1.4). Men eg har samanlikna dokumenta (kopiert frå Mozilla som rein tekst), og lagt til endringane dykkar. Desse sender eg inn som versjon 1.7.
*Ikkje* bruk WYSIWYG-program til å redigera HTML-dokument i CVS. Spesielt ikkje Microsoft-WYSIWYG-program ...
Det ser veldig bra og fyldig ut! Et stort arbeide du har tatt på deg der ... Jeg har sett på dette, og det følgende får stå mest for min regning, skjønt vi snakket litt om det Gaute, Tonje og jeg ... Jeg sammenlignet bla med det vi skrev (http://i18n.skolelinux.no/nb/Spraaklige_retningslinjer.html):
an-be-heit-else-ord: tror du alle vet hva dette er?
Eg trur alle *nynorskfolk* veit det. Men eg kan ta med nokre eksempel.
Under «Språknormalen» står det bare «A-ending i bestemt form, entall». Dette er i beste fall forvirrende, for hvilke ord gjelder dette for? Det er jo det som er det avgjørende!
Meiner du me skal vera inkonsekvente her. Det blir rotete, IMHO.
En del ord er valgfrie, noen er enten det ene eller det andre. Ikke i noe tilfelle vil *alle* ord være hannkjønnsord (kanskje for bergensere ...),
Eg kan endra det til å gjelde hokjønnsord (det er det som er meint). Men då bør det IMO gjelda *alle* hokjønnsord. Noko anna vil berre vera forvirrande.
Det er noen kapittler der som ikke er med i din versjon,
Ja, dokumentet er langt frå ferdig.
Selv synes jeg fremstillingen ville blitt mer oversiktlig om underpunktene var mindre (eventuelt rykket inn).
No er eg ikkje sikker på om eg forstår kva du meiner. Kva meiner du med «underpunkt»?
Hva med å dele inn i hovedavsnitt etter ordklasser?
Ja, sjølve organiseringa og strukturen må endrast. Det bør berra vera nokre få (5--6) hovudoverskrifter. Men det er ikkje heilt lett å veta korleis alt skal organiserast før meir av teksten er ferdigskriven.
Tross alt er dette veldig vanlig i lærebøker om grammatikk, og det er da mye grammatikk her ...
Ja. Eg ønskjer ikkje å ha so mykje vanlige rettskrivingsreglar med. Unntaket er dei vanligaste feila, og ting det ofte er uvisse om (eks. bøying av ord som CD-ROM).
(Det er nå vanskelig å se forskjell på dine overskrifter av nivå 2 og 3).
Visuelt sett? Overskrifter av nivå 2 har stor skrift med ein mørk bakgrunn, mens nivå 3 har mindre skrift på lys bakgrunn. Det er vel ikkje noko problem å sjå forskjell på det?
«Norsk eller engelsk» stemmer overens med det vi skrev i kapittelet «Fagord». Jeg synes «fagord» er en bedre og tydeligere overskrift.
Eg skal forandra det. Men heile det kapittelet må uansett skrivast om (dette er som sagt berre eit tidlig arbeidsutkast).
Ellers noen detaljer: i avsnittet om «hermetegn» står det om unix/linux-måten å lage « og » på, men ingenting om windows(/mac?) måten å gjøre dette på. Vet noen dette (jo, man kan visst taste inn en tegnkode; forferdelig tungvint ...
Det er einaste måte, med mindre du har eit intelligent redigeringsprogram. Elles *kan* ein jo laga sin eigen tastaturdrivar (Dvorak-folket har gjort dette, IIRC).
En annen ting vi alle tre lurte litt på, var funksjonsnavnene. Dette er vel mest til Arne: f.eks «GJENNOMSNITT.GEOMETRISK» er forferdelig langt, dessuten er originalen forkortet. Hvorfor ikke forkorte litt på norsk også?
Fordi me konsekvent følgjer MS Excel sine funksjonsnamn.
Min windowsmaskin endret forresten minustegnet foran de potenserte tallene til punkter ved utskrift. Vet ikke hva dette skyldes ....
Kva nettlesar? Muligens støtta ikkje skrifta minusteikna. Elles er det litt problematisk å bruka desse teikna, då få skrifter støtta dei. Dette er ikkje noko problem i meir «intelligente» nettlesarar, som Mozilla, men elles kan det vera det. Eg bør muligens endra det til vanlige tankestrekar (ingen ser forskjell uansett)?
Forresten, me bør me nok ha eit eige utskriftsstilsett òg.